eit pikebarn med hjartebank skriv blogg om grå dagar, lyserosa skyar, gode vener, fine folk, musikk ein kan danse til, filmar ein kan grine til, også handlar det ganske mykje om kjærleik.
fredag 6. januar 2012
well i wonder, do you see me when we pass? i half die.
i dag var planen å blogge ei fin speleliste eg har laga, men så blei eg tipsa om denne coverversjonen av ein av mine favorittlåtar av the smiths. songen minnar om å vere heilt håplaust vondt, men samtidig godt, forelska, som eg ein gong var for det som held på å bli mange år sidan, om å gå gjennom byen i regn, om ein tung stein i magen, om å halde tårane inne, om å gråte på jentedo, om ta tog i eit anna land og sjå ut på den grå himmelen og om å springe full over brua på veg heim frå byen for å ringe og høyre ein stemme eit anna sted i landet. for ei tid.
vidunderleg låt, eg høyrer ho og er så glad så glad så glad for at den vonde forelskinga er over. høyr låta!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Åh, fin!
SvarSlettå-å. fint. kjenner følelsene, liksom.
SvarSlett