eit pikebarn med hjartebank skriv blogg om grå dagar, lyserosa skyar, gode vener, fine folk, musikk ein kan danse til, filmar ein kan grine til, også handlar det ganske mykje om kjærleik.
torsdag 3. februar 2011
godt i hjartet
eg er ganske sikker på at eg har lagt ut ein utgåve av denne coverlåta før, for ei stund sidan, men den her er fin den óg, og treng også å bli høyrt. eg er inne i ei heilt sjukt intens cocorosie-veke, høyrer berre på cocorosie (og edvard grieg når eg les), hadde spart albumet dei ga ut i fjor heilt til no og så vil eg ikkje høyre andre ting. cocorosie er forbudt frukt, litt skummelt, musikken deiras er som dei mørke bakgatene du går i natt til søndag, fyllikar på bussen, små barn med skitt rundt munnen, samtidig som det er noko av det finaste, som kvite roser med regndråpar, drops med sitronsmak, syrinlukt om våren, å kysse med lyset av, å hoppe tau, å kle seg ut som indianar sjølv når du eigentleg har blitt for stor til å kle deg ut. dei får meg til å føle meg som at eg er akkurat litt for liten til å gå på fest, men gjer det likavel, til å føle meg forelska, til å føle at jenter kan klare alt, og at det er bra. og musikken kjem alltid til å minne meg om ein kveld i paris da barbra og eg såg dei live i eit gammalt kasino, fantastisk konsert, og da den var ferdig, sprang vi til ein open butikkiosk og kjøpte kvar vår mr.freeze som mannen i kassa klippa hull på og nok øl til fest og så tok vi rer til eit gammalt hus for kunststudentar i utkanten av paris og dansa heile kvelden og eg slo meg skikkelig på kneet medan eg dansa til "this charming man" og ein mann så svær som obelix heite AUGUSTIIIN med hes stemme og så sov alle vi jentene på nokre madrassar på eit loft og vakna samtidig neste morgon, hadde latterkrampe heile vegen heim og så spiste vi jordbær til frukost. fint minne.
(for dei som har lest dei, eller hugsar dei, så trur eg cocorosie hadde vore eit perfekt soundtrack til weetzie bat-bøkene.)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Jeg forguder CocoRosie
SvarSlettFortell litt om hva du har tenkt til å gjøre til høsten?:)
SvarSlettgod idé, det kan eg gjere så snart eg veit meir!
SvarSlett