onsdag 21. desember 2011

parisienne

på dagar som i dag, lengter eg tusenvis av mil bort. til avenuar og boulevardar, til café gourmand på ein fortauskafé, til å spise ein "menu" på ein billig asiatisk restaurant, til å snakke eit språk kor eg må harke fram r'ane, finne dei langt bake i halsen, nestan flaut å uttale dei for eg bruker aldri den lyden ellers, ikkje når eg snakkar norsk,
tenker på å gå rundt i butikkar og svare "det går fint" på fransk når dama bak kassa spør om eg treng hjelp,
tenker på å seie "non, ca va" når dei spør om eg vil ha kvitteringa for leverposteien og baguetten på franprix,
lengter etter å gå langs seinen ein dag med sol,
etter å sitte langs kanalen seint ein kveld med gode venar og drikke så mykje vin at vi begynner å fortelje hemmelegheitane våre,
etter å ikkje tørre å ha vindauget i stua opent om natta i tilfelle det flyg duer inn,
inn i ei leiligheit med sprekker på veggane og skoesker med gamle kassettar på kjøkkenet.
det er straks to år sidan eg flytta til paris og halvanna sidan eg kom heim, og eg kan nestan ikkje skjønne at det er så lenge sidan dei vakraste og vondaste dagane i mitt lille liv.

alt som skal til for å tenke på desse tinga, er litt raud leppestift, ein stripate genser og ein liten dæsj chloé på håndledda. sigbjørn spør korfor eg ikkje vil reise andre stader, sjå nye byar, men for meg finst det berre ein by. eit avstandsforhold og ein varig kjærleik. eg lengtar til paris og kryssar fingrane for at vi sjåast igjen i 2012. fit for fight.

tirsdag 20. desember 2011

när vi to blir én

dei siste fire månadane har eg hatt to nøklar, ein til mitt rom i ei leiligheit, og ein til sigbjørn si leiligheit.
i dag har eg berre éin nøkkel på knippet,
og det er heldigvis den som høyrer til nøkkelen til sigbjørn si leiligheit,
som no er vårt hjem, staden vi bur i,
der vi to skal bu saman.
eg har aldri vore sambuar med ein gutt/mann før, berre jenter,
og eg håpar det blir første og siste gong eg flyttar saman med ein mann
(det må det vere lov å seie).
no skal eg skifte adresse, pakke ut tinga mine, skrive namnet mitt på postkassa,
og tenke at no, no er det på ekte.
game on.

(ps. eg er så glad at eg boblar innvendig og vil rope YES! YES! YES! heile tida. god kjensle.)

søndag 11. desember 2011

nord


nord,
her er snøen heime, det er her han høyrer til, her han legg seg i desember og blir til i april,
vi kan sjå den legge seg på fjelltoppane nokre veker før den verkeleg legg seg i gatene, på hustaka, brer seg som teppe på dei parkerte bilane, som for å seie at no er det nok, ikkje bruk bilen meir, han er gått i dvale,
skoene mine tar inn snø, eg blir våt på beina, den legg seg oppover leggane på dongeribuksa,
her er snøen heime,

og her kjem frostrøyken,
det einaste beviset for at eg lever, at eg puster, at eg ånder, innsida mi kjem til utsida, gjennom den kvite tynne røyken eg pustar ut,
her møtes menneske og verd, tromsø og eg, i pusten min som møter lufta,
eg lever i deg, du lever i meg,

tromsø,
som eg sa eg aldri skulle flytte til, aldri lengre nord, heller lengre sør, lengre sør for kvart år,
men kanskje handlar det ikkje om det du først sa, men det du endte opp med å seie til sist,
eit nei blir til eit ja, eit muligens blir til sannsynlegvis,
eit einsamt hjarte møter eit anna,
vi sa "kjem dette til å gå?",
no seier vi "dette kjem til å gå",
dei same orda i ulik rekkefølgje, anna syntaks, anna meining, fri for spørsmålsteikn, berre punktum,

nærleik,
ikkje berre i fysisk rom, men i sjela,
du er sju timar unna meg, i dag er det i morgon der du er,
snart kjem du heim, tilbake til meg, tilbake til heim,
og uansett kor langt borte du er, er du fortsatt i meg,
som lufta eg pustar inn,
som frostrøyken eg pustar ut,
som snøen som legg seg og forandrar alt,
denne byen som forandrar nei til ja,
og når du kjem heim pustar eg lufta over i deg.

søndag 4. desember 2011

den gang...


da eg hadde møtt the love of my life og eg skjønte kva som måtte gjerast



da eg hadde to favorittpostkort i paris: coco chanel og damer med rockering framfor triumfbuen


da eg hadde vore på chanel på avenue montaigne og kjøpt leppestift og den kinesiskætta ekspeditrisa sa "it's VERY red"


da eg kom heim til jul og ville seie FÅKK JU til alle bimbos på byen


da eg berre var lei og hadde mørkt hår og gitar på veggen


da eg flytta inn for meg sjølv på ein 17kvadrats hybel og hadde innflytningsfest med ballongar i taket


da eg hadde nye strømpebukser på soverommet i paris


da eg akkurat hadde klipt meg og såg ut som kaspar hauser/ei mannleg rockestjerne frå søttitalet


da eg hadde nye strømpebukser på soverommet i tromsø


da eg feira 17.mai med å lese til eksamen (og seinare ha eksamen) på eit universitetsbibliotek i paris


da eg flytta inn i den tidligare nemnte hybelleiligheita og fikk besøk av dei to andre musketerane


da eg enno var i eit avstandsforhold og sa god natt på skype cirka kvar kveld


da eg hadde langt mørkt hår (no har eg kort, lysare hår)


da eg studerte i paris og satt på bibliotek dag ut og dag inn og høyrte på twin peaks-soundtracket og drakk coca cola light og coca cola cerise


da verdas beste silje kom på besøk i paris


da eg hadde kvalitetstid med globusen på pikerommet


da sigbjørn skulle dra på tour de france og vere borte i to uker mens eg skulle vere heime og jobbe på ein vanskeleg sommarjobb


da eg var coco chanel for kun ein kveld


da eg trakk visdomstanna og var hamster i ei veke


da eg, som vanleg, berre ville sove.

søndag 27. november 2011

torsdag 24. november 2011

sigrid agnethe



(liste lånt av mariell)

eg er
22, men av og til kjenst det som eg er 16, og andre gongar som femogtredve. også er eg saman med ein same som eg skal bli sambuar med, her er det mykje bra grunnlag for ordspel.

eg likar folk som kan flire av seg sjølv, stekt torsk og kokt torsk, dagar du ikkje treng å våkne av vekkerklokka, bbc-programmet QI, songar som får deg til å føle at livet er ein lang musikkvideo.

eg et helst ein skikkelig god og stor frokost, med varmt brød og avokado og smør og ost og appelsinjus og egg og syltetøy og kråssang, men det skjer omlag ein gong i året. ellers et eg veldig mykje knekkebrød, noko som driv kjærasten til vanvidd fordi det knasar sånn.

eg seier ja til å ha taco eller stekt fisk til middag, å drikke vin med venar og å ta ein middagskvil. og alle mulege venstreorienterte greier og miljøvern og fred på jord og sånt.

eg seier nei til pose på butikken. ta med bærenett!

eg er flink til å bli venar med gutar i alderen 4-8, å lese "verdens største fersken" høgt, å lage guacamole, å vise kjærasten kor glad eg er i han, å bruke utallige timar framfor tven utan å eigentleg bry meg om kva som er på tv.

eg irriterar meg over menn som seier at menn som tar pappaperm er tette i pappen, kor vanskeleg det er å brette melkekartongar, spinninginstruktøren frå i går, knekkebrød som knekker i det eg begynner å smøre smør på. i natt irriterte eg meg særleg over den vesle gjengen polske arbeidarar som haldt på å arbeide med arbeidslampe retta rett inn på soverommet medan dei saga og hamra og styrte, klokka ett om natta.

eg les morgenbladet på do, alle kjendisnyhetene eg kjem over, litt pensumlitteratur, og for tida les eg også tomas espedal, fordi eg er ei kulturkjerring.

eg er finast når eg smiler. ellers så har eg det stort sett slik at dei dagane eg synst at eg er heilt vilt fin, da ser eg meg sjølv i speilet på do eller på skolen eller på jobb og lurer på korfor i guds namn eg gikk ut døra.

eg ler av folk som seier "h2o" når dei snakkar om vatn, "stopp pressen!", "spør du mæ, så spør æ dæ" og generelt ting som er artig der og da. den artigaste historia eg veit, handlar om ei som møtte ein fyr ho trudde ho kjente på arlanda flyplass og snakka lenge med han, og så viste det seg å vere thomas alsgaard. ler kvar gong eg tenker på den historia.

eg er ein typisk kjærestejente som gløymar venane sine når ho får kjæraste (trur eg). synd, men sant.

eg har aldri spilt bowling. utruleg nok får dette folk til å sperre opp auga og seie "har du aldri spelt BOWLING?!" når eg seier det.

eg er glad for å ha flytta til tromsø, sjølv om eg saknar dei gode venane mine i oslo, så kjenst det rett og trygt og bra. eg har det godt.

eg trivst ikkje når eg blir ufrivillig vitne til ein krangel eg helst ikkje vil ta standpunkt i og må sitte og høyre på krangelen og føle meg i vegen. eller når eg er saman med ein gjeng som er så interne at eg føler meg heilt på utsida, som ei pittelita jente som prøver å nå opp til dørtaket, men ikkje klarar.

eg er dårlig til alle mulige praktiske greier. no har sigbjørn vore borte nokre dagar, ei lysepære i gangen har gått, eg anar ikkje korleis ein byttar den type pære, så i gangen er det mørkt. eg har svært dårlig praktisk og logisk sans. skremmande dårlig.

eg er redd for ugler, dyra i jungelen, valdtektsmenn, at dei eg er glad i skal bli sjuke, også er eg redd for kva enkeltmenneske kan få seg til å gjere med for mykje fritid og for mykje tid til å gjere kva dei vil.

eg elskar familien min, kjærasten, dei små glimta i livet der eg kjenner at det er så sjukt godt å leve og at eg ikkje kunne ha vore eit anna sted enn akkurat der eg er akkurat da. eit eksempel frå da eg budde i paris: barbra og eg skulle inn på eit bibliotek der ein måtte stå i kø for å komme inn, nokon måtte gå for at du skulle komme inn, det var steiksol og seint i mars og våren hadde begynt å komme, vi tenkte fuck it, vi gjorde noko vi hadde tenkt lenge på å gjere, vi leide syklar, og sykla rundt i paris, langs boulevardane og avenuane og rueane, frå panthéon til eiffeltårnet, og eit sted langs seinen i marssol kjente eg at eg var lykkeleg, at eg var ung, fin, fri og i paris, meg på mitt mest uknuselege, på mitt sterkaste og mest sårbare på ein og same tid, og akkurat det minnet håpar eg at eg aldri aldri aldri skal gløyme.

eg set pris på høflege kundar.

eg trur på kjærleiken og å gjere det beste ut av det. og å gi kompliment til framande og meine det. det har eg trua på. det hjelper.

tirsdag 22. november 2011

empire state of eksamen





så var vi her igjen, da. med tjukke bøker og fagterminologi og eit dataprogram eg ikkje har tenkt å bruke meir etter i morgon. i kveld må eg ut og kjøpe kalkulator. eg, som etter tre år i eit smertehelvete på vidaregåande med matte, fysikk og kjemi, som satt heime og strevde med oppgåvene, som gråt på prøvane for det var så vanskeleg, hadde lova meg sjølv å aldri meir ta i ein kalkulator med mindre det var for å rekne ut euro i norske kroner. det gikk i tre år, i litteraturvitskapens forunderlege verd trengte eg ikkje kalkulator. men no, med metodefag, kvantitativ metode, treng eg kalkulator for å rekne ut effekt, til dømes. i morgon er det eksamen og eg kjenner allereie at kroppen held på å bli heilt matt (men det går alltid bra for snille jenter). hej så lenge.