fredag 30. september 2011

hei!

eg såg plutseleg at det var så mange som hadde vore her og sett på bloggen, og da blir eg så glad og det er så fint. så hei!, så fint at de vil lese. kan ikkje de og seie hei, nye som gamle, så hadde eg blitt så glad, ein liten flik av lesarane, ein perfekt start på helga!

onsdag 28. september 2011

slutten av september.

på ein fest spelar nokon robyn, dancing on my own, jentene fyk i vêret, alle vil danse, alle kan denne, den her har vi vore med på før, i over eitt år, sant, dette kan vi, dette kan dei,
men dette er ikkje 2010.
dette er ikkje 3 rue jean de beauvais.
dette er ikkje bjerregaards gate.
dette er ikkje kjellaren på revolver.
dette er ikkje 2010.

dette er 2011, og byen er ikkje paris og ikkje oslo, byen er tromsø,
og det er ikkje heidi sitt hår som blir kasta på i lufta framfor meg på dansegolvet,
det er ikkje caroline som får meg til å le,
kanskje minna om ho, men ikkje den fysiske,
det er ikkje inga som sitt ved sidan av meg på kafé, det er ingen.

eg feirer bursdag med kjærasten og bror min og søster til kjærasten og søskenbarnet deira,
og det er fint,
trygt,
heimleg,
og korleis kan ein klage på det?
dette er ikkje 14. september 2010, eller 14. september 2009,
da inga og christian og eg spiste ostepop i senga mens vi så på valget,
eg høyrte ikkje christian seie at han fikk så lyst på noko godt,
spring på butikken og kjøper nachos og lettøl,
eg varmar meg ikkje på orda frå venane mine,
varmar meg til kjærasten,
kryp inntil han og tenker kjære gud eg har det godt,

(kviskrar inni meg "men sjå kor få venar eg har fått".)


(men det er berre september enno, herregud, det ordnar seg.)

søndag 25. september 2011

ein nyfødt same

her kjem eit innlegg som ikkje er så likt dei andre eg har skrive før, fordi det handlar om noko eg aldri før har skrive om, kanskje fordi eg ikkje veit om eg skulle skrive om det eller korleis eg skulle gjere det om eg først bestemte meg for å gjere det. grunnen er kanskje og fordi det er eit tema eg ikkje heilt veit om det er rett å skrive om, fordi det rett og slett er vanskeleg på sitt vis. kanskje det vanskelege ligg i det at det handlar om identitet på ein annan måte enn dei måtane eg har skrive om før: ikkje om kjærleik, ikkje om jobb, ikkje om venar, ikkje om å ikkje ha venar, ikkje om å flytte til ein ny by. den her gongen handlar det om det samiske og tilnærminga til det. det er ikkje sånn at det plutseleg har blitt noko eg tenker på, men det har i aukande grad blitt noko viktig i livet, som eg tenker mykje på og diskuterer med forskjellige folk.

litt oppklaring først: eg snakkar ikkje samisk. eg forstår ikkje samisk. eg har ikkje hatt samiske venar før eg blei saman med ein, og det samiske har ikkje vore særleg sentralt i min kvardag før for omlag halvanna år sidan, da eg ordentleg møtte han eg no er kjæraste med. men eg er frå nord-norge, og om byen min aldri har vore ein knutepunktby for den samiske kulturen eller det samiske språket, har det samiske aldri vore langt unna, sånn i realiteten. mor mi er frå finnmark, kystfinnmark, og eg har alltid lurt på om vi har hatt samisk avstamning. da eg var lita, var eg sikker på at slekta mi ikkje kunne vere norsk. eg var den brunaste jenta i klassen, med mørkt hår og mørke auge, slik var det i mange år, eg tenkte at eg var indianerjente, mor til ei venninne trudde eg var indisk, eg blei kalt "kvit nigger" dei første dagane på ungdomsskulen, på vidaregåande hadde eg ein inside joke med ei i klassen min om at vi var frå colombia (ho var faktisk det, eg har aldri vore i sør-amerika eingong). slik har det vore. eg har tenkt mykje på genar og avstamning og at det er ugler i mosen. grunntanken har vore at "eg er ikkje heilt norsk", på grunnlag av pigmenta og utsjånaden, ikkje fordi eg ikkje er stolt av å vere norsk, glad for å vere norsk, ikkje fordi eg vil si ifrå meg det norske, men fordi det rett og slett ikkje har vore sånn her ei norsk jente ser ut. eg har spurt mor mi gong på gong om vi eigentleg er samer, på hennes side av slekta, og har aldri fått eit JA eller eit NEI, før i fjor i september da vi besøkte ei tante som sa at joda, det er vi. på ein måte falt brikkane på plass, på ein annan måte ikkje. korleis skal ein liksom bli same i starten av tjueåra? må ein ikkje vere same heile livet?

dette er ting eg tenker på. same eller ikkje, mykje handlar om identitet. og mykje av det handlar om å utforske og å bli kjent med ein ny kultur, eit nytt språk, ei ny verd. eg har diskutert det her med mor mi og far min, med kjærasten min, med venar, særleg med utgangspunkt i at eg har lyst å kjøpe meg kofte frå staden mor mi kjem ifrå. ei slik avgjering er vanskeleg og konfliktfylt. far min lurte mellom anna på om eg skulle bli same no, om det ikkje var bra nok å vere norsk. eg tenker at det ikkje treng å handle om å bli det eine og slutte å bli det andre. for min del, handlar det om å finne meir ut om kven eg er, kva eg kjem ifrå, kva eg er eit resultat av, og kva dette betyr. at kjærasten min, familien og slekta hans er samiske, er heilt klart ein katalysator i det heile, noko anna ville vere å lyge. likavel er det meir ei oppmuntring enn noko påtvunget. dessuten trur eg at det går an å fortsatt vere meg, sigrid agnethe hansen frå norge, sjølv om eg går i kofte, som ei slags hedring av det slekta mi har vore ein del av og som fortsatt kan vidareførast. det må gå an å ha to tankar i hodet samtidig.

det er likavel konfliktfylt, det å skulle bestille ei kofte. sjølve bestillinga er ein ting, det å skulle kle seg i kofte og gå ut blant folk, på samefolkets dag og på márkomeannu, krever å vere tøff og sikker på kva eg gjer. kofte er eit plagg metta med assosiasjonar for folk flest. det er eit synleg og tydeleg plagg. er eg klar til å kle meg i det? er eg klar til å vere ein del av ei større gruppe, men som samtidig er ein minoritet, no, etter så mange år på utsida? kva skal eg si til bestemor mi første gong ho ser meg i kofte? kva med venar frå vidaregåande som møter meg i kofte på søttande mai? korleis bygger ein opp styrke til å seie at dette er rett for meg? eg veit ikkje. eg har ikkje peiling. men eg veit at det kjenst meir og meir rett og meir og meir bra å skulle pynte meg i eit plagg knytta til forfedra mine i ei lita bygd i finnmark, og at sápmi også treng overgangsspelare, som alle andre. å bry seg om si fortid, virkar som eit steg i riktig retning. og så får dei andre seie kva de vil, det gjer jo folk uansett.

onsdag 21. september 2011

historier frå eit fjes

eg startar med det bjørneaktige, nesa, nesa til far min og bestemor mi, men ikkje like spiss, rund, som ein liten bjørn i skogen. ei nese som blir først kald, som eit lite kjøleelement midt i fjeset, den som kjærasten kallar "distinkt", nestan så eg blei fornærma dei første gongane han sa det, distinkt nese, bror min kallar si nese "jødenesa", den store og lange, eg har ei lita snuteaktig, "distinkt" seier sigbjørn, søt seier eg, prøver å overbevise meg sjølv om at det er sant,
og nesa er jo noko av det mest naturlege ved oss, ved fjeset, ein ser så lett om ein har skada ho, brekt ho, om ein har ei kvise, om ein har operert ho, nesa fangar opp hormonar, fysisk tiltrekning skjer gjennom lukt og hormonar, nesa er det som skal skilje klinten frå hveten, denne snuten midt i fjeset, den gjer oss til dyr
(og vi veit det).

og eg går vidare til munnen, til leppene, til føflekkane rundt leppa, på leppa, eg trudde eg hadde fått blåmerke av kyssing, det er berre ein ny føflekk. desse leppene, fyldige, raude, eg vil helst sminke dei enda raudare, fyldigare, større, ein gong for mange år sidan kledde eg meg som transvestitt med leppestift over halve fjeset, den store munnen på bilda heimsøker meg i stille stunder, men for det meste går det fint. munnen gir meg det menneskelege, orda, lydane, songane, plystringa, hulka når eg gråter, den kysser og spiser og tygger neglar, viser kjenslene mine, seier "eg elskar deg", munnen er noko av det finaste eg veit sjølv, det tydelege midtstykket frå nesa og ned til overleppa, markant, feminint, menneskeleg.

i tinningen, eit orions belte, eit minne frå den gong eg var ung og hadde kviser, tre på rad akkurat samtidig, eit minikrater som fortel alle som er nært fjeset mitt at her har det ikkje bare vore ferskenhud og fløyel, men og ein fjortenåring med same hudproblem som alle andre, eit orions belte på høgre tinning. far min såg det ved frokostbordet for ei stund sidan, lurte på kva det var, fant på ei eiga historie om at det var frå den gongen han skulle finne opp ein syltetøygaffel, ikkje fikk eit vellykka patent, og blei så irritert at han stakk den i tinninga på dotter si (sjølvsagt langt frå sanninga, ta det med ro), men så er det berre tenåringsarr, nokre av dei einaste, resten får kome med tida, eg har tid.

mandag 19. september 2011

bilde av kjærleik

1.

du fortel meg at du har søkt plass på eit kloster, eit skriveopphald, nokre timar unna byen eg bur i, at du har fått plass, at vi må møtast når du kjem. tenker på skiljet mellom "vil" og "bør", bestemmer meg for at eg vil, seier ja. tar toget utover nokre veker seinare med bankande hjarte utanpå brystet.

2.

du tar det første bildet av meg, eg ser ned på jordbrukslandskapet ned frå toppen av åsen vi har gått opp på for å sjå på mellomalderbyen, eg har langt krølla hår og solbriller og eg tenker at frankrike ser ut som norge, for no er vi på landet, og norge er landet. seinare tar du eit nytt bilde, eg har grønn kjole og smiler frå øyre til øyre, det skal bli det nye bildet på lykke. eg ser på bildet nokre dagar seinare, ser ei lykkeleg jente. ser på bildet halvanna år seinare, fortsatt lykkeleg.

3.

eg har forlengst skjønt at eg er forelska, fortel det ikkje til nokon, du kjem på besøk ei veke og det er heilt hemmeleg, kun ei venninne veit, ho som veit alt uansett, men bortsett frå det veit ingen, nesten ingen får vite noko før utpå hausten, da klarer eg ikkje halde meg lenger, heile den perioden går eg og ventar på at nokon skal ringe og fortelle meg at dei har tatt meg på fersken, nyttar ikkje late som at eg ikkje veit kva det handlar om, vaksen mann, ung jente, det handlar om kj-ær-leik-en.

4.

vi sitt i ein bil i nord-norge i desember på veg frå byen min til bygda di og eg skal møte familien din og eg har hjartet i halsen og eg tenker at om dette ikkje går så veit eg ikkje kva eg gjer, du har sagt at eg er einogtjue og norsk, eg kryssar fingrar, tær, bein, skjelett for at dei skal like meg, at dei skal sjå kor godt eg liker deg.

5.

eg har flytta til byen din og vi vaknar ved sidan av kvarandre så godt som kvar dag, du reiser heim ei helg og eg blir igjen i byen, vi er to dagar borte frå kvarandre, når du kjem tilbake legg du hodet ditt på brystkassa mi mens vi ser på tv og eg spør "e du hjemme nu?", du svarar ja, eg svimar innvendig av akutt lykke og tenker at om det ikkje er sånn som det her, kan det vere det same.

onsdag 14. september 2011

torsdag 8. september 2011

fragment av eit rom

og sidan eg har skrive mykje om flytting og leilegheit og det eine med det andre den siste tida, er det på tide å vise fram små biter av det som no er mitt rom. her kjem det.


den eine veggen er berre skap som går innover. heilt utruleg mykje skapplass, kjenst nestan som eit walkincloset, men berre nestan


her finn ein mellom anna dei røde støvlane og dei grøne paljettconversane, dei skal snart få komme ut og lufte seg


her er kjolane med striper, blusene, kjolane med striper, og så vidare


og ein liten hommage til ein favorittby


og her har mummitrolla fått plass, for det var ikkje plass på kjøkkenet, men dei klarar seg fint her, altså


og her er kosekroken, slappavkroken, lesekroken, ikkje where the magic happens, men likavel, ein sjukt mjuk stol under eit deilig mjukt lys (sparepære, sjølvsagt)


her kan ein sjå lampa litt betre, eg gav ti kroner for ho på bruktbutikken på eige ansvar, skifta stikkontakt og no funkar ho som berre juling


endeleg, eit lite bord, ved sidan av stolen, her finn vi ei samisk-norsk, norsk-samisk bildeordbok, ei bok om tradisjonell japansk kunst, eit arabia-pyntefat med motivet "winter in lapland", ein slitt pengepung, ein globus, "det suser i sivet", ein paris-plakat som ventar på å bli hengt opp, aftenposten K med david sylvian på forsida; bildet er arrangert


veggen med amélie-plakaten og morgonkåpa/kimonoen

og til slutt: nattbordet, eg har aldri hatt nattbord før, no har eg det, det er lykka i livet og sånn her bur eg!