eit pikebarn med hjartebank skriv blogg om grå dagar, lyserosa skyar, gode vener, fine folk, musikk ein kan danse til, filmar ein kan grine til, også handlar det ganske mykje om kjærleik.
torsdag 26. april 2012
ei liste på ein torsdag
mariell sine 11 spørsmål:
1. om du berre fekk eta éin sak til frukost resten av livet, kva skulle det vera?
to brødskiver med hardkokt egg med eit glass mjølk til.
2. reise jorda rundt med dei samme folka resten av livet eller bu i samme hus til du dør?
bu i samme hus til eg dør. det trur eg ikkje hadde vore så gale, eigentleg. rett og slett fint. men da skulle det vore hus, og ikkje den lille leilegheita vi bur i no, altså. å reise jorda rundt ville sikkert ha vore fint, men resten av livet og med dei same folka? da hadde eg nok blitt relativt koko til slutt.
3. éin sak du skulle ønska at var sunn?
eigentleg alt som har palmeolje i seg. eg bryr meg ikkje så mykje om kaloriar eller karbohydratar eller fett eller sukker, men dei som produserer diggorini snacks og snop med palmeolje burde berre ta seg ein bolle. så kanskje ostepop, da.
4. regn fire dagar i veka heile året eller aldri meir sjå eit kirsebærtre?
aldri meir sjå eit kirsebærtre. eg ser jo aldri kirsebærtrær nordpå uansett, så det ville nok ikkje ha vore eit særleg stort tap. dessutan finst det jo heilt utruleg mange andre trær og plantar som er fine som eg kan sjå på om eg vil sjå på fine trær og plantar, til dømes magnolia. regn fire dagar i veka heile året, derimot, da hadde eg nok mista store delar av livskvaliteten.
5. din favorittblogg?
vanskeleg å seie berre éin, men det må nok vere niotillfem.
6. den filmen som du ser når du er heime aleine for helga og du kokar kakao og et knekkebrød eller kjøpepizza til middag?
antagligvis lost in translation, så eg kan gråte for meg sjølv og tulle meg inn i pleddet når den siste scena kjem, der bob spring etter charlotte i ei travel gate, kviskrar i øyret hennes og kyssar ho. får heilt vondt i magen av å tenke på det.
7. kva er det siste du gjer før du sovnar?
seier dei tre viktigaste orda til han som ligg ved sidan av meg.
8. kvifor er din beste venn din beste venn?
eg vil ikkje seie at eg har berre ein beste venn, men dei som er mine beste venar, er det fordi dei får fram det beste i meg og fordi eg kan vere meg sjølv med alle store gledar og små nevrosar og latter og gråt.
9. største guilty pleasure?
å sette på "fru johnsen" med inger lise rypdal på fest.
10. leva eit liv utan frukt eller aldri få ha gardiner?
om eg kan få ha persienner, så: aldri få ha gardiner. korleis skulle eg kunne leve utan frukt, liksom? eg er uansett skikkeleg dårleg på å finne gardiner og sånt. elendig på interiør.
11. om du fekk lov til å få ein heil kroppsdel ekstra, kva skulle det vera og kvar skulle du ha den?
ei ekstra tå, det ville ha vore det minst freaky. eg meiner, ei ekstra tå ville ein ikkje kunne sjå, mens ei ekstra arm ville jo gjort alt i verda vanskelegare. eller eit ekstra øre, det ville berre sett rart ut. eg trur nok eg ville ha syntes det var veldig belastande å ha ein heil kroppsdel ekstra.
(ps. eg har skikkeleg lite inspirasjon for tida, og veit ikkje heilt kva eg skal finne på å skrive om og om nokon les det. om det er noko de vil lese om: tips meg gjerne! stor klem frå meg.)
mandag 16. april 2012
denne sorga
(bilde: heidi)aldri før har eg grått av lyden av eit anna menneske sin stemme. men det er ein første gong for alt, og i dag morges skjedde det. plutseleg var dette mennesket som gjorde desse forferdelege tinga nettopp det: eit menneske med stemme, kropp, mimikk. plutseleg var han ekte. plutseleg fikk eg høyre at monsteret var eit menneske. og så kom tårane.
eg las på nettet at foreldre bør snakke med sine barn om kva som skjedde, at barn kan vere redde og urolege, og at det treng dei ikkje vere. men det er lov å vere redd. det er lov å vere uroleg, frustrert, sint, fortvila, og det har ingen aldersgrense. sjølv om eg ikkje var i oslo eller på utøya 22. juli, er eg rørt av det som skjedde. eg er fortsatt sint, trist, fortvila, redd. dei sa at vi skulle vise all kjærleik vi hadde som reaksjon på hatet, men eg klarar ikkje å fri meg frå sinnet. frå fortvilinga og kjensla av urettferd. frå avmakta eg føler for dette mennesket som på brutalt og nådelaust vis avslutta altfor mange uskuldege liv.
eg har ikkje tenkt å skrive særleg mykje meir om det som skjer i retten no. eg er ikkje ekspert på nokon måte. men den medmenneskelege sorga eg bær langt inne i meg, den er vanskeleg å fri seg ifrå. eg kan ikkje innbille meg korleis det må vere for dei som var der, som er direkte berørt, kor mykje vondare det må vere å høyre stemmen hans, sjå mimikken, sjå at han er eit menneske. eg håpar dei har nokon å halde i handa når dei kjem heim i dag. eg håpar han aldri får sjansen til å halde nokon i handa nokon gong igjen.
søndag 15. april 2012
i tried taking pictures,but they were so mediocre. i guess every girl goes through a photography phase. you know, horses. taking pictures of your feet
eg lagar meg ofte listar i hovudet over ting eg ikkje er, ting eg ikkje kjem til å bli, ting som ikkje kjem til å skje. eg har ikkje tida, har ikkje fysikken, har ikkje gutsen, har ikkje evnen, bryt altfor lett saman og gir opp. dagdraumar meg bort, det har eg alltid gjort, samanliknar meg med andre, bryt meg sjølv effektiv ned til det sjølvdestruerande, samtidig som eg byggar meg opp med dagdrauminga.
ting eg ikkje er, lista er endelaus. eg kan for eksempel ikkje springe over lengre tid på fortare enn 12 km/t. eg kjem ikkje til å bli ei tynn og rask jente, eg kan bli raskare enn eg er no, men eg kjem aldri til å bli ei av dei jentene du ser på treningsstudio og som får deg til å tenke "korleis klarar ho det?". det er berre ikkje meg. slike ting heng eg meg ustanseleg opp i. eg kjem kanskje ikkje til å jobbe som akademikar, sjølv om eg på gode dagar tenker at det kan eg klare. eg kjem ikkje til å bli ei sånn kul og laussluppen jente som er med på nach helg etter helg utan å drite på draget. eg kjem til å vere ei sånn jente som sett seg på handicapplassen på bussen utan å vite om det og om nokon spør, kan eg seie at handicapet mitt er usynleg, det er sjenansen.
eg kjem ikkje til å bli ei slik jente. eg kjem aldri til å bli heilt hundre prosent same, og det veit alle. eg kjem ikkje til å vere nokon sin første kjærleik. eg kjem aldri til å høyre the beatles for første gong igjen. eg kjem aldri til å bli flink til å ta bildar eller vere særleg fotogen på anna enn bildar eg sjølv har tatt i photobooth.
korfor er det så lett å tenke på alle tinga ein ikkje er eller aldri kjem til å bli?
korfor kan eg ikkje tenke på at eg er eit varmt, elskande, morsomt menneske? når alt kjem til alt, vil eg helst bli hugsa som ho som lo og elska, ikkje som ho som sprang fort på tredemølle. tross alt.
(i alle fall akkurat i dag.)
Etiketter:
eksistensielle ting,
jenter,
megsjølv
lørdag 14. april 2012
arktisk vår
lørdag 7. april 2012
no, fire år etter
på eit tidspunkt må vi ha slutta å bli invitert på fest, slutta å gå på dei same festane. eit sted langs vegen må vi ha slutta å bry oss, slutta å lage events på facebook, "jentekveld", "reunion", "julefors!", slutta å leite gjennom kontaktlista for å sende ut fellesmeldinger om kor vi skal møtast i kveld. eg kjem heim til påske og bryr meg berre om dei aller nærmaste, vil ikkje møte folk eg strengt tatt ikkje bryr meg om meir, hadde vi ville møtt kvarandre, hadde vi allereie gjort det for lenge sidan, ringt kvarandre når det blei tunge tak, når dagane var lette, ikkje sant, hatt kvarandre på speed dial, om det verkeleg hadde heldt seg.
no sitt vi, tre stykkar, og snakkar om kor godt vi har klart oss, kor bra det har gått, sjølv om vi ikkje lengre ser nokre av dei vi såg kvar dag i tre år for nokre år sidan. vi går inn på facebookprofilane til dei viktigaste, flirar, peikar, lurar på korleis det barnet skal vakse opp med dei foreldra, ler meir, tar bussen til byen.
når vi kjem ut og skal inn, er dørvakta han som var kongen av alle på vidaregåande. han, som var betre enn alle andre, slik han og gjengen såg det sjølv, held døra opp for oss. vi vant.
onsdag 28. mars 2012
dagar frå ein dings
storarta kaffekunst på kaffebrenneriet på st.hanshaugen
slottet i gråvêr
laurdag i pels og skolettar
typisk fredag på universitetet
siste spurt på kråkesølvbeltet
kvite bein som lengtar etter vår
måsen får kose seg med rosa tulipanar
tromsø i sol - havet, havet, havet!
gode tider på tredemølla
godvêr i tromsø for tida
tirsdag 27. mars 2012
det hjartet tok vare på

1. det er sekstande mai og i ein stor idrettshall har ungdommen samla seg for å danse til teknomusikk og drikke brus og flørte med kvarandre. eg har svart miniskjørt og rød sminke under auga og kallar meg redpunk på darkdate.no. eg blir spurt om eg kan gjere nokre radiointervjua saman med ei anna, eg seier ok. ho har raudt hår og ser farleg ut. ho er ikkje farleg. det er 2004 og eg har møtt m for første gong
2. silver speler ungdomskonsert i byen, eg er der saman med nokre andre venar, m er der med kjærasten som held rundt ho heile konserten sjølv om det ikkje er sånn musikk ein held rundt kjærasten sin til. ei anna jente har langt blondt hår med krøllar, det er s, og eg veit enno ikkje at vi kommer til å vere bestevenar om eitt og eit halvt år
3. dagen før nyttårsaften 2005: vi har sett han på dagbladet.no/blink og no skal vi finne nummeret hans. vi finn fem stykkar som heiter det same, s ringer alle fem, småsnakkar med ein av dei, som ikkje er han, men som berre står og ventar på bussen til fest ein stad i trondheim. når vi finn den rette, lagrar eg nummeret som ? og slik har det vore sida da
4. han har dumpa meg på sms og kvar dag må eg gjømme meg for han i korridorane på skolen, men ein dag skjer deg, eg går rett på han og må seie hei, spring inn på klasserommet og sett meg ved den bakarste pulten ved sida av m som seier at no har eg sjøstjerneaugevipper etter at eg er ferdig med å gråte
5. vi ser eurovision song contest hos m, drikk drinkar og lagar stemmeskjema, kun vi tre, når det er over, skal s og eg gå dei mange kilometrane heim i vårnatta, på vegen stoppar vi og kjøper baconpølse, halvveis i løypa. ein av dei kjekkaste gutane i trinnet over oss, som m kallar latino, går forbi oss mens eg spyr opp baconpølsa
6. vi har spelt konsert dagen før palmesøndag, i ein stor konkurranse kor det trekkast ut fem band som har vore dei beste banda, vi blei eitt av dei fem banda som nesten blei eitt av dei fem beste banda, vi er så stolte, eg sitt på bussen mot grimstad med tåra i auga av kor rørt eg er over oss og kva vi kan få til
7. m, s og eg skal på roskilde, mamma har sagt at eg skal få dra om eg oppfører meg og ikkje gjer ulovlege ting, m meiner at vi må vere klar for alt, i ryggsekken har eg det helsesøster sendte med oss: ein a4-konvolutt med kondomar
8. s og eg er saman kvar dag ein sommar, gjer ting i smug, syklar i glitterbukser og adidasjakkar, ser heile twin peaks, spis kvitlauksbaguettar og inviterer gutar på besøk. vi kjem aldri til å skjønne kor foreldra våre var den sommaren
9. klassen hennes skal arrangere typisk norsk-fest og m spør om vi skal dra, det er utkledningsfest, og kven er eg til å seie nei til ein utkledningsfest? vi blir samde om å kle oss ut som dollie de luxe, m skal vere benedicte adrian, eg skal vere ingrid bjørnov, planlegger i ei veke, blir meir og meir nervøse for at nokon andre skal ha fått ferten i den geniale ideen vår og kle seg ut som dollie de luxe dei òg. når fredagen kjem, har alle kledd seg i strikkagenserar og norske flagg
10. s fortel meg hemmelegheiten med stor h mens vi sitt i hagen til m, eg blir så rørt at eg nesten tar til å grine, m og eg hviner resten av kvelden
11. vi dansar til spice girls på fest, blir kjørt til byen, er høglytte, glade, fulle, vakre, tar bildar av oss sjølv med iphone, vi eiger denne verda og vi gjer det saman, m, s og eg.
Etiketter:
det beste eg veit,
det er viktig å ha venar
Abonner på:
Innlegg (Atom)

