mandag 16. april 2012

denne sorga

(bilde: heidi)

aldri før har eg grått av lyden av eit anna menneske sin stemme. men det er ein første gong for alt, og i dag morges skjedde det. plutseleg var dette mennesket som gjorde desse forferdelege tinga nettopp det: eit menneske med stemme, kropp, mimikk. plutseleg var han ekte. plutseleg fikk eg høyre at monsteret var eit menneske. og så kom tårane.

eg las på nettet at foreldre bør snakke med sine barn om kva som skjedde, at barn kan vere redde og urolege, og at det treng dei ikkje vere. men det er lov å vere redd. det er lov å vere uroleg, frustrert, sint, fortvila, og det har ingen aldersgrense. sjølv om eg ikkje var i oslo eller på utøya 22. juli, er eg rørt av det som skjedde. eg er fortsatt sint, trist, fortvila, redd. dei sa at vi skulle vise all kjærleik vi hadde som reaksjon på hatet, men eg klarar ikkje å fri meg frå sinnet. frå fortvilinga og kjensla av urettferd. frå avmakta eg føler for dette mennesket som på brutalt og nådelaust vis avslutta altfor mange uskuldege liv.

eg har ikkje tenkt å skrive særleg mykje meir om det som skjer i retten no. eg er ikkje ekspert på nokon måte. men den medmenneskelege sorga eg bær langt inne i meg, den er vanskeleg å fri seg ifrå. eg kan ikkje innbille meg korleis det må vere for dei som var der, som er direkte berørt, kor mykje vondare det må vere å høyre stemmen hans, sjå mimikken, sjå at han er eit menneske. eg håpar dei har nokon å halde i handa når dei kjem heim i dag. eg håpar han aldri får sjansen til å halde nokon i handa nokon gong igjen.

5 kommentarer:

  1. Jeg holder meg unna. Jeg vil ikke ha noe med den fyren å gjøre, selv ikke gjennom skjermen. Da hadde jeg ganske sikkert begynt å gråte, jeg også.

    SvarSlett
  2. Jeg håper også han aldri får holde noen i hånden igjen.

    SvarSlett
  3. "Om én mann kan vise så mye hat, tenk hvor mye kjærlighet vi alle kan vise sammen"

    Det kommer til betyr ekstra mye de neste ukene.

    SvarSlett