tirsdag 13. mars 2012

gråt.


kor mange grunnar treng eit menneske til å gråte? kva er grunn god nok? eg kan nesten gråte på kommando, og eg kan gråte fleire gonger i veka. eg kan gråte for at håret mitt ikkje ser fint ut når eg skal ut og treffe folk, eg kan gråte fordi eg ikkje klarer å vere med i samtalen fordi samtalen foregår på eit språk eg ikkje kan, eller fordi eg har svidd maten. heime. borte. på do. i senga. eg liker å tru at det er fordi eg har veldig kontakt med mine eigne kjensler, at eg er i kontakt med mitt indre sjølv, at eg ikkje har grenser for kva eg skal føle. og slik har det vore så lenge eg kan hugse. eg hugsar tårar ved middagsbordet heime hos mor mi og far min, fysikkprøvar som gikk åt skogen, tårar i fylla, tårar ståande framfor ein eg likte som ikkje likte meg.

desse tårane, dei er mitt indre språk, uansett om eg er over gjennomsnittet lei meg eller berre litt nedfor, lange elver nedover kinna mine som lagar sjøstjerneaugevippar og raude auge. dette våte saltet som kjem frå innsida av det mennesket eg er.

det er noko av det vakraste ved eit menneske. at det finst eit indre som får komme ut og vise seg når kjenslene tar overhånd.

fleire gonger i veka. trist eller ikkje.

gråten er språket eg kan aller best.

søndag 11. mars 2012

rektor qvigstads gate


øverst på ei hylle har desse to slått seg ned, eit ekorn og eit dådyr


og på ein vegg kan ein lese samiske ord för dig som är kär, altså sånne som meg


og her har mummikoppane funnet sin plass over dei hundre krusa til sigbjørn (slik går det når to samlare finn saman)


det mest absurde innslaget i leiligheita: ein utstoppa måse. det er ikkje mi avgjering å ha han i hus (eg er stort sett livredd for utstoppa dyr), men da er eg i det minste aldri heilt aleine heime


her er ein liten brøkdel av alle bøkene vi har, vi har ikkje plass til alle vi har, to tidlegare litteraturstudentar med fortsatt litteraturinteresse samlar ein del bøker, bøker og koppar, tydeligvis


på eit av romma bur det ei lita pyntedukke som også er interessert i fisk


og her har alle vesker og morgenkåper fått plass på ein blå vegg


her måtte eg ta ein liten kunstpause og vise fram ho eine som bur i leiligheita, altså meg. sigbjørn var for opptatt med vekselvis å vaske badet og sjå på sport


eg hadde gjort min del av vaskinga, så eg kunne ta til å lage frokost


og så spiste eg frokost og las morgenbladet mens eg funderte på kva eg skulle lage til dessert. no har eg fundert meg ferdig og skal ut og handle dessertingrediensar. ha ein fin søndag!

onsdag 7. mars 2012

girls pop etc.


ein gong i tida, da eg var seksten år, blåaugd til tross for mine brune auge og fortsatt budde heime hos mor og far, spelte eg i band, eit av desse banda som ikkje berre kunne kallast band, men som måtte kallast "jenteband". bandet eg spelte i, heitte fröken sverige, vi sang på svensk og hadde songtitlar som "mamma, jag vill inte äta köt mer!", "jag vill ha en transvestitt" og "marias mamma och det germanske ekspriment". ganske pussige greier, med andre ord. vi var tøffe og søte og kule og sårbare, eit jenteband i ein liten by med eit lite rockemiljø. på denne tida fantes det eit forum på nett kor alle i rockemiljøet kunne vere med. da bandet mitt blei spurt om å spele på ein rockefestival i ein anna by, var vi i fyr og flamme og klare som egg. festivalen ville ha oss, KULT! men vi blei fort tvunget ned til jordas overflata da vi fikk streng beskjed frå dei som hadde vore i gamet lengre, gutane, mennene, om at vi ikkje var eit godt nok band, og for å skjule dette, måtte vi med ein gong ta til å spele på sex. vi måtte våge å vere meir sexy, slik kom folk til å leggje merke til oss og bry seg om oss. sex sel, fikk vi, sekstenåringane, beskjed om frå mennene over tredve.

og eg hugsar at eg blei så sint at eg skreik. hugsar kor utruleg urettferdig behandla eg følte meg. eg følte det som om at nokon hadde sagt at eg ikkje var bra nok, men om eg kledde meg meir utfordrande, kunne eg bli det - og det var jo tross alt det nokon hadde sagt. og ikkje kven som helst, men dei som liksom skulle vere ei støtte innanfor eit miljø, dei vaksne som hadde holdt på med musikk i ti år før vi begynte å spele saman. beskjeden vi fikk var: spel på sex, eller gløym det heile. sidan vi var jenter med hjernar og vett i skallen, tok vi aldri til å spele på sex, kanskje tvert imot. vi syntes ikkje det var rett at nokre tredve år gamle bygdeskallar skulle få sjansen til å sitje heime og fantasere om oss fordi vi sjølv hadde vore så dumme at vi la opp til det.

vi klarte oss fordi vi var smarte og ikkje syntes det var rett at jenter skulle måtte spele på sex for å få oppmerksemd og bli høyrt på, mens det var nok for gutteband at dei hadde gitar bass og trommer. slik syntes ikkje vi det skulle vere, og slik synst eg ikkje det skal vere no heller, og derfor er eg sjukt glad for at det finst band som razika og first aid kit og artistar som annika norlin, som er tøffe og kule og søte og får fram bra musikk utan at dei treng å stå og gnukke seg mot mikrofonstativet i korte dongerijeans og utan at dei må sjå ut som seksuelt forvirra femtenåringar på coveret for at folk skal kjøpe platane deira. når det er slik at tone damli aaberge lagar ein video kor ho er halvnaken og gir frå seg pornoblikk etter pornoblikk, som genererer db.no-sak på db.no-sak, og kor alt til slutt handlar om "å vere stolt av seg sjølv", får eg ein ganske ekkel smak i munnen. musikken er ikkje lenger i fokus. kroppen til tone er i fokus, brysta ho ikkje direkte viser, men som vi veit er der, dei velforma låra, den silkemjuke huda, den evige "eg er berre stolt av kroppen min, det er ingenting galt med å vise det ein er stolt av" blir repetert så ofte at vi høyrer det meir enn musikken, og om ein seier imot, får ein den evinnelege janteloven slengt i trynet. kroppen blir ein vare, objektifisert, det er den som skal selje platene, få fleire klikk på youtube, og om ein sir imot og tar til motmæle, er ein berre sjalu.

eg kan med handa på hjartet seie at eg ikkje er sjalu. eg er ikkje sjalu på tone, på rihanna, eller på britney. og gjett kven andre eg ikkje er sjalu på? eg er ikkje sjalu på den generasjonen unge jenter som veks opp no, som trur at nøkkelen til aksept og respekt ligg i å vise fram kroppen sin mest muleg, i flest muleg fora. eg trur at verkeleg mange av dei kjem til å ha problem med å takle den intense seksualiseringa og det sinnsjuke kroppsfokuset som blir pumpa ut av nettavisane, bloggane, filmane, og, ikkje minst, musikkvideoane på ein sunn måte. eg kryssar fingrane for at det fortsatt finst smarte jenter, jenter som skjønnar at eigenverdien deira ikkje ligg i kor mange poeng ein har på deiligst.no eller kor mange likes profilbildet deira på facebook har. eg håpar det kjem fleire jenter som vil spele gitar eller bass eller trommer, ikkje på tross av at dei er jenter, men på grunn av at dei er menneske.

gratulerer med dagen, allihopa! (her er ei speleliste i anleiing dagen.)

slutt?

hadde det ikkje vore for at det er 8. mars i morgon og eg føler at eg må blogge da,
hadde eg nok lagt ned bloggen på dagen.
no ventar eg kanskje nokre dagar.

mandag 5. mars 2012

av og til må ein berre tru og håpe at hanne krogh har rett



på dagar der du våknar av at du sjølv held på å hoste lungene dine opp, med heimeeksamen og tilhøyrande skuffande lave tanker om deg sjølv og di eiga akademiske skriving, må ein jo berre konsentrere seg om dei fine tinga i livet. kva gjør det vel å få ein dårleg karakter når ein veit at om ein månad eller to kjem det vår, at skatteoppgjøret snart blir offentleggjort og at det bur ein ekte oter i nabolaget?

onsdag 29. februar 2012

fragment frå hjartet

1. eg boksar han i magen fordi han ikkje er forelska i meg, sju år og slår han i magen, ei jente slår ein gut

2. han klatrar i eit høgt tre, eg skriv ein lapp, "du er så modig", han visar den til alle gutane etterpå

3. "du kan få ett, søstra mi har så mange", seier han og gir meg eit rosa hjerteviskelær

4. han smakar rød extra når vi kyssar

5. eg lastar ned musikk på pcen hans og brenner cder til meg sjølv og han seier at eg minnar om ho jenta i musikkvideoen til the margarets, ho med gummistøvlar og skjørt, vi ser videoen på svisj i stua

6. han gir meg ein jojo forma som ei marihøne når han flyttar og eg blir igjen

7. han har langt hår med nokre dreads i

8. eg spør kva som sto på russekortet hans

9. eg seier til mor mi at sånn vil eg at kjærasten min skal sjå ut første gong eg ser han

10. eg held rundt han før vi sovnar, kyssar ryggen og tenker aldri forlat meg

11. han blir.

onsdag 8. februar 2012

fem ting på ein onsdag


1. å sjå på eit fint bilde av meg sjølv frå tidlegare i veka

2. å spise lasagne til middag etter å ha jobba ein heil dag

3. å glede meg til inga og christian kjem på besøk på fredag!

4. å tenke på at etter at forrige veke var over, den som liksom skulle vere nynorskveka, så er fortsatt kvar veke nynorskveke for meg

5. å høyre denne songen på repeat