eit pikebarn med hjartebank skriv blogg om grå dagar, lyserosa skyar, gode vener, fine folk, musikk ein kan danse til, filmar ein kan grine til, også handlar det ganske mykje om kjærleik.
mandag 14. mars 2011
j'y pense et puis j'oublie, c'est la vie, c'est la vie
eg har spraya meg med chloé-parfymen min, den som alle har, den som eg brukte heile det halve året i fjor da eg budde i paris, og det er akkurat det eg tenker tilbake på når eg luktar sånn her. eg sto foran speilet og tok han på meg istad, og plutseleg var det som at eg sto foran speilet i 3 rue jean de beauvais og skulle dra til universitetet ved malesherbes. magen knytta seg litt automatisk ved tanken på det varme biblioteket kor alle studentane kviskra heile tida og alle jentene gikk med høge hælar, ein fikk aldri ro, og foran meg lå franske romanar eg skulle igjennom, franske romanar eg skulle lese, lunsj eg skulle spise, coca chérise eg skulle drikke. men så er det her ein heilt vanleg mandag med dusjing, oppvask, müsli-frokost, hår som ikkje vil vere fint, jobb, middag, alt det der heilt vanlege i vanlege oslo. nokre gonger saknar eg paris til eg blir grønn, og da er det fint med musikk som tar meg tilbake, til festane, til vêret, til boulevardane, til panini, til café chérie, til å handle baguett og leverpostei på franprix og ikkje klare å få opp plastposen, til å sende kort heim til norge, til å ta metroen fram og tilbake, til eit liv som i bunn og grunn var heilt likt det eg har her, men samtidig heilt forskjellig.
lørdag 12. mars 2011
om språk
eg har tenkt på dette i nokre timar no, og min første tanke (og kommentar tilbake) var "ikkje i det heile tatt". no er jo det å skrive den her bloggen i det heile tatt utan tvil ei heilt sjukt pretensiøst greie, det å få livet mitt til å virke interessant, spennande eller spesielt, ei gigantisk trang til å vise fram meg og kven eg er og kva eg gjør og gjere det på ein interessant nok måte. det er no ein ting. men det her med språk, veit eg ikkje heilt. eg har tidligare fått spørsmålet om korfor eg skriv på nynorsk og fått kommentarar på at det er langt frå feilfritt, og eg har prøvd å svare så godt eg kan. den enklaste grunnen er slik: eg har alltid, så lenge eg kan hugse, vore veldig glad i å skrive, og tenkt at "når æ blir stor, skal æ skrive ei bok". da eg begynte på vidaregåande, skjønte eg av dei tilbakemeldingane eg fikk frå dei som las tekstane eg skreiv at det var ikkje berre noko eg trudde sjølv, eg hadde faktisk noko i meg og eg kunne skrive fine tekstar. ein stad oppi alt det her, merka eg likavel at noko hadde endra seg. eg merka at eg sjølv likte betre dei historiene, dei setningane, den stemmen som fantes i tekstane når eg skreiv på nynorsk. eg gjorde meg ferdig med vidaregåande, begynte på universitetet, skreiv tekstar på fritida, alle på nynorsk. eg merka at det språket eg førte tekstar i når eg skreiv dei på bokmål, ikkje høyrtes ut som meg, og det høyrtes ikkje ut som noko eg kunne verkeleg relatere meg til. det høyres antaglegvis sjukt pretensiøst ut, og slik må det vel ein gong vere, men min grunn til å velge nynorsken som skriftspråk i "vaksen alder", er altså så enkel: den passa mitt språk og min stemme mykje betre enn det eg syntes og fortsatt synst at bokmål gjer.
no trur eg ikkje at nokon kjem inn hit fordi dei vil lese nynorsk, eller fordi det er ein nynorsk-blogg, eg har ikkje ei sterk nynorsk-identitet, og kjem antaglegvis aldri til å få det. om ein vil lese nynorsk, finst det mange andre som skriv meir korrekt og antaglegvis betre enn eg, internett er stort og det finst bøker i hopetal som ein kan forsyne seg av på bibliotek og i butikkar. det eg vil med den her bloggen, er å skrive det eg vil, det eg tenker på, det eg synst er fint, det eg synst er dritt, alt som er inni meg, til ein viss grad, i eit språk som passar meg. at det er nynorsken, synst eg er fint og bra, og om det er pretensiøst, får vere opp til andre å bestemme. helst av alt vil eg berre at de les det som står, det eg skriv, og så får det på grunn av eller til tross for språket det er skrive i, og om du ikkje liker det du les, foreslår eg at du finn deg ei anna nettside å lese på, for internett er seriøst fylt til randen av alt muleg som ikkje står skrive på nynorsk. det var alt eg ville si. god helg.
fredag 11. mars 2011
god natt/god morgon/god dag
om eg nokon gong skulle lage musikkvideoar, skulle dei vere som den her, det er det einaste eg veit om meg sjølv som musikkvideolagar, eg tenker ofte på det når eg kjører trikk eller t-bane, at mine musikkvideoar skulle handla om vognar som kjører forbi kvarandre i ulik retning, filme trafikk, filme livet, berre sjå aldri føle, berre rapportere, nokre gongar må det vere nok. og songen = så fin.
tirsdag 8. mars 2011
halve himmelen er vår

vi er elefantar, vi er indianarar, vi er prinsesser, vi er danseløver, vi er uslåelege, ingen skal få ta lufta ut av ballongen vår, vi skal halde pusten og halde hodet høgt, som ein ridder/som ei ballerina, og ingen skal nokon gong få slå oss midt i magen slik at vi mister pusten og må legge oss ned på bakken for å få luft og gløyme smerta, og når guttar ropar "MMM - MMM - MMM!" etter oss skal vi vise fingaren tilbake, vi skal faen ikkje seie "jammen det e jo et kompliment!", og dei guttane som prøver å sperre oss inne på metroen så vi ikkje kjem av, dei kan berre gløyme det, for vi skal av og det har vi bestemt. og ingen skal få fortelle oss at vi ikkje kan fordi vi har neglelakk og høge hælar, og ingen skal fortelle oss at vi ikkje får lov til å gå med neglelakk og høge hælar for det er eit paradoks, ingen skal fortelle oss at vi ikkje kan få pynte oss, for det er ikkje det det handlar om, det treng ikkje å handle om det den her gongen, om å brenne bh-ar og å ikkje barbere seg under armane, vi har kommet lengre enn det, den her gongen handlar det om at vi er oss og at vi er slik vi er og at det er det faen meg ingen som skal få ta frå oss, og gamle menn med betre jobbar enn oss kan berre gløyme å sjå på oss med auge som seier at vi aldri kjem til å komme dit han har kommet, for det gjer vi. i dag kan du få vere tøff i trynet, og ikkje slutt, ikkje i morgon, ikkje i overmorgon, ikkje til helga, ikkje til veka, ikkje slutt å vere tøff i trynet, for du kan og du vil og ingen skal få ta lufta ut av deg, og spesielt ikkje berre fordi du er jente. ver tøff. det er dritvanskeleg, og du må halde pusten og halde haka opp, men du har lov og det burde føles heilt fint. hugs at halve himmelen er din, og congratulatore med dagen!
mandag 7. mars 2011
ut på tur
torsdag 3. mars 2011
symje
Som ungar stod vi framfor symjebassenget. Sakte steig vi ned, eg først, ned trappa og ut i vatnet, forsiktig med stega til ei lita pike som har tatt på seg oppgåva til ei vaksen dame, usikker både på vatnet og han som kjem bak. Nede i vatnet snur eg meg og prøvar å nå handa di, men rekk ho ikkje, seinare skal eg tenke på at jo, men eg var jo borti foten, det må jo ha betydd noko, men det er ikkje før seinare. Vi er i bassenget, du og eg, i vatnet, her har vi vore før, aldri saman, alltid med ein annan, ein anna gut, ei anna jente, sumt forbi kvarandre, men no er vi her saman og eg prøvar å nå handa di, men rekk ho ikkje. No er vi her, vi kan begynne å symje, men det går ikkje, noko held oss igjen, armane lagar rørslene, armane vil framover, men føtene blir heldt igjen, som om nokon står på startstreken og held rundt dei slik at vi ikkje kan sparke frå, vi kan ikkje sparke frå, vi kjem ikkje av flekken. Plutseleg lausnar grepa litt, vi kan symje saman, eg ligg litt framfor deg i løypa og så endrar det seg, og eg ligg bak deg, og så er vi på same plass, same lengde. Eg kan kjenne korleis vatnet røyrer seg rundt meg når du sparkar frå, vatnet vibrerer og slår mot meg, eg kan kjenne at du er nært meg, kjenner det rundt låra, kjenner det i auga kor klorvatnet angrip og får tårane til å renne ned kinna mine, men det gjer ingenting fordi vi er i vatnet. Nokre ting er gode, noko kan eg kjenne og tenke er godt, andre ting gjer vondt, og når vi har sumt nokre rundar er vi tilbake der vi starta og noko vil halde oss igjen, usynlege hender rundt føtene som vil sparke frå. Det går ei tid. Tid som kan målast i avstand, i lengsel, i lyst, i glede, i sinne, i tvil, i endelaus lykke, i håplaus fortviling, tid som kan målast i dagar ifrå kvarandre, i timar saman med kvarandre, i kilometer, i millimeter. Og så går det ei tid, timar, dagar, år, og grepa er der ikkje lenger, og vi kan symje så mykje vi vil, mot målet, 25 meter kvar vei, fram og tilbake, heilt til vi vinn symjeknappen i sølv, gull, platina, bevis i edle metall som kan fortelje oss kor flinke vi har vore, kor lenge vi har haldt ut. Vi er fri, no kan vi gjere alt, vi kan gjere alt saman, symje ved sidan av kvarandre som to delfinar i vatnet, og når vi blir slitne, går vi opp frå bassenget. Vi har vore så lenge uti at huda har blitt som rosin, og du seier at eg ser ut som ein rosin og eg seier at det gjer du også og eg tenker at vi skal bli rosiner ilag. Som ungar stod vi framfor vatnet, og vi skal aldri stige opp, ikkje på ordentlig, vi skal symje her saman heilt til lysa blir slått av og alle må gå heim og mannen som skal låse ventar utålmodig. Her skal vi vere.