mandag 29. oktober 2012

"få frisk luft. ver ute ein time om dagen. et fisk."



det er to-tre veker til mørketida tar til for fullt her på 70 grader nord, men vi er allereie godt i gong, og det har vore snø ei veke. eg er sånn som fell heilt igjennom med ein gong mørketida kjem og må sove tre timar på ettermiddagen fordi eg ikkje maktar å kave meg rundt i konstant mørke, 

men no! no har vi fått dagslyslampe på lesesalen, så no skal eg overleve. i tillegg har eg fått tips om å vere ute ein time om dagen, som eg i alle fall skal prøve på etter beste evne. neste veke kjem skia mine til tromsø, og da blir det liv i leiren.

og så har eg laga den her spelelista som eg tenker skal passe perfekt til å gå til universitetet om morgonen eller gå heim på ettermiddagen og ha på i bakgrunnen når eg inviterer klassen heim på hobbykveld. mjuke fine tonar (mellom anna roy orbison, som eg ikkje fekk lov til å høyre på heime der eg vaks opp, for da fekk pappa spunk), det er det ein treng. det og mykje frisk luft og fisk.

6 kommentarer:

  1. Akk, den som kunne vært hjemme i nord nå <3

    SvarSlett
    Svar
    1. det er så SJUKT fint! nordlys og stor måne og klar mørkeblå himmel. det er da ein hugsar korfor ein bur her.

      Slett
  2. Hei Sigrid! Lenge siden sist! Ville bare si at du har en veldig fin blogg! Og masse lykke til med masteroppgaven, I know the feeling. Crap. Hehe.

    SvarSlett
    Svar
    1. takk, caroline! masteroppgåve er vanskeleg, men fint også. vi klarar det, sant?

      Slett
  3. Sant. Og masse, masse klementiner.

    SvarSlett