tirsdag 26. februar 2013

ja!


no er det år og dag sidan sist eg blogga, men no har eg mykje nytt å fortelje, så no kjem eg tilbake. hurra for det! og hurra for dagens outfit, som de ser på bildet over. som de ser, har eg fått ring på fingeren! for 11 dagar sidan fridde sigbjørn og eg sa ja og er så lykkeleg som aldri før og eg er fortsatt heilt i tåka og kjem sikkert til å vere det i minst 11 dagar til. så veit de!

torsdag 10. januar 2013

eit kort innlegg om feminismen

(foto: heidi)

i mi draumeverd, står eg opp til eit internett som ikkje fortel meg korleis eg skal kle meg, korleis eg skal te meg, korleis eg skal sminke meg riktig, korleis eg skal kjenne mine eigne former, korleis eg kan bli deiligare og få fleire til å like meg utifrå korleis eg ser ut, eller korleis kroppen min framstår. 


i mi draumeverd sluttar jenter å spare konfirmasjonspengane sine til silikonpuppar, i mi draumeverd tenker jenter at dei er bra nok som dei er, i mi draumeverd tenker ikkje jenter på hårfjerning som noko dei må gjennom foran kvar fest for ellers vil legghåret visast gjennom strømpebuksa.

i mi draumeverd hadde vi ikkje trengt ein kvinnedag og vi hadde ikkje trengt alle diskusjonane på nett eller i radio eller i avisane om vi verkeleg treng ein kvinnedag og om feminismen ikkje eigentleg har utspilt si rolle, for likestilling og likeverd ville vore så innarbeida og naturleg for oss at vi ikkje hadde følt behov for å markere det, kvar dag ville ha vore kvinnedag, kvar dag ville ha vore mannedag, kvar dag ville det ha vore likestilling, kvar dag ville ha vore fin for alle fordi feminismens kampar ville ha nådd fram, kvinner i india ville ikkje bli voldtatt til døde for å vere ute seint på kvelden og menn og kvinner ville ha tent like mykje for det same arbeidet.

i mi draumeverd sluttar vi å snakke om feministar som "dei med hår under armane som ikkje brukar bh", vi sluttar å seie "eg er feminist, men eg har ikkje hår under armane altså!", vi sluttar å forsøke å distansere oss frå desse som om dei skulle vere pesten, vi sluttar å unnskylde oss sjølv, som om det å ha hår under armane skulle vere noko farleg, som om hår eller ikkje hår er nokon andre enn vår eigen sak, i mi draumeverd skjønner vi og andre og heile verda at det ikkje er kroppshår, klesstil, seksualitet eller framtoning som betyr mest, men verdisynet vårt og korleis vi vel å gjere det til det viktigaste vi har.

i mi draumeverd hadde alle skjønt kor viktig det er at vi aldri gir opp, kor viktig det er å ikkje ta ting for gitt, kor farleg det er å seie seg nøgd når kampen ikkje er over; han har såvidt starta.

mandag 31. desember 2012

exit 2012

det skjer ting når du blir vaksen. du gleder deg til jul, men ikkje som før, ikkje til pakkane, ikkje til å vakne opp og sjå kva som ligg i strømpen, ikkje til å lese julehefta. jo eldre eg blir, jo meir gleder eg meg til andre ting. til ei tid uten å tenke på eksamen og pensum og det som må lesast. til å ha på meg pysjamas fram til middag, og ikkje ha ein einaste plan. til å puste med munnen, ikkje med magen. 

og så tenker eg på lyset. på lyset her nord kor det ikkje er sol, den ligg fortsatt under horisonten og vil ikkje komme heilt fram, men vi veit at ein stad der er ho og ho kjem tilbake og vi må berre vente. ein dag er skyane rosa, ein dag er himmelen blodraud, og snart blir det mørkt og da tar folk fram lysa dei har inne i husa og set dei ut. faklar, lysboksar, stearinlys, levande lys blir sat ut på gardsplassar, i oppkjøringar, på verandaer, som for å seie "her er vi. det bur folk i husa. vi gjer oss ikkje.". 

det er årets siste dag, folk går i fakkeltog, dei lyser opp, som eit levande tog, seier "her er vi, vi held oss fast, 2013, kom og ta oss!". godt nytt år!

onsdag 19. desember 2012

ein favoritt.



mitt favorittband etter the beatles og the smiths, er heilt klart belle&sebastian. belle&sebastian har nokre kvalitetar ved seg som dei to første ikkje har, den aller største er sjølvsagt at dei er notidige, at eg kan følgje med når dei gjer ut ei heilt ny plate og at eg frå tid til anna kan sjå dei live, noko er førebels ikkje har gjort fordi eg er ein måke frå helsike som ikkje fikk ut fingeren den gongen eg kunne ha sett dei i oslo, men var for opptatt med å kline og vere forelska. sånn kan det gå, ungar, om de vel kjærleiken framfor musikken!

men altså, belle&sebastian er altså ein av dei store favorittane. dei er liksom mitt band. eg vil liksom se ut som ei jente som elskar belle&sebastian, den o store indie-klisjeen, med uregjerleg hår og skjørt og bluser med krage og ein eller annan 60-talsroman i veska og gå rundt i verdas nordlegaste storby og høyre stemmane synge "read about us in the morning paper/when we make it/when we make it alive". og dei orda klamrar eg meg fast til, særleg no etter eksamen, etter prosjektnotatet, etter at masteroppgåva begynner å faktisk finnes i verda, etter at prosjektet mitt får tommel opp frå dei som står bak, og når eg tenker på prosjektet, tenker eg at det passar inn i den klisjeen med å høyre på belle&sebastian og ikkje gå i bukse og å spise pålegg rett frå pakninga og alltid sovne med kalde bein og å legge spor etter meg kor enn eg går (hårnåler), men det er ok, for det er den finaste klisjeen eg veit om.

mandag 3. desember 2012

Tango Cortez


for halvanna månad sidan fortalte mamma meg at tango hadde blitt sjuk. ho ville ikkje spise eller halde på maten og var berre pjusk og ikkje seg sjølv. eg tenkte at tango berre måtte bli frisk og at det er vanleg å bli frisk når ein får medisin og at slik måtte det berre bli.

men slik blei det ikkje. forrige veke fikk eg melding frå mamma om at tango snart måtte avlivast. og da var det noko i meg som blei knust. tango blei født heime i stua vår i vinterferien i 2003 og hadde tre andre søsken. vi skulle eigentleg gje bort tango også da søskna blei gitt bort, men bror min nekta å gi slipp på ho, så da måtte vi berre ha ho. og det har vore så sjukt fint. tango hadde lang fin pels i fleire forskjellige fargar, mjaua alltid tilbake når eg mjaua til ho og ville alltid ligge oppå magen til den som låg på sofaen. ho likte å vere ute, men kom alltid springande når nokon av oss skulle inn, ho likte å sleike skåla når eg hadde spist opp isen min og ho likte ikkje å bli tatt på magen. eigentleg blei vi aldri sikker på om tango var gutt eller jente, men eg har alltid tenkt at det var ei jente. ho var tjukk og god og vakker.

i dag kom meldinga om at tango har gått ut av tida. heime i stua fikk ho sprøyta og mamma sendte meg det siste mms-bildet av ho og etter det måtte eg gråte så kleda til sigbjørn fikk våte merker på seg. eg skal aldri meir ha tango liggande oppå brystet mitt, høyre lyden av ei litt tung katt som går ned trappa, ikkje vakne av lyden av tango som skrapar på verandadøra for å komme inn, ikkje løfte ho opp og borre fjeset mitt inn i pelsen hennes. og ikkje fikk eg seie hadet heller.


eg er sikker på at ho har det betre der ho er no. men herregud så trist det er å miste ein ven.

onsdag 14. november 2012

listeonsdag (i.e.: eg burde skrive oppgåve)


kva dag er det i dag?
i dag er det onsdag og det lavar ned utanfor lesesalsvindauget, enno det var meldt mildvêr heile veka. kanskje får eg tid til å gå på ski i ettermiddag!

om du var ein emoji, kva for ein skulle du vera da?
eit lilla hjarte.

kva skal du gjera i kveld?
i kveld skal eg gå på kino, som eg så sjeldan gjer, saman med sigbjørn og runar. runar ville helst sjå "reisen til julestjernen", men eg ville sjå "the perks of being a wallflower" og da sa han at eg har så sær filmsmak, men det er ikkje heilt sant.

sei to bra uttrykk:
fy fasan! (med akkurat nok trøkk.)
spør du mæ, så spør æ dæ! (det absolutt artigaste uttrykket eg veit i absolutt heile verda. flirer berre eg tenker på det.)

kva blir du glad for å høyra at du er?
flink til å skrive, flink til å ordlegge meg, flink med ungar


vis eit bilde du ikkje hugsar at vart tatt:

fest i leiligheta til barbra og meg i paris. var ganske måse den kvelden.

kven saknar du?
inga, som eg så gjerne skulle ha budd i same by som så eg kunne ha dratt på besøk og spist ostepop i sofaen hennar. tango, katta mi heime, som kunne ha kost med meg når eg er redd for at alt skal gå gaiken. mariell, som er god å snakke med, inspirerande og som flirar høgt av ting eg seier


eit bilde på noko som er veldig bra å ha:

kattungar i ei bøtte: ja, takk!



kva er du flink til?
å skrive (endeleg tør eg tru det sjølv), å få andre til å flire av den korny måten eg er på,  å vere kjæraste


kva vil du ha?

god eksamenskarakter, ny sjampo, juleferie

kva syns du er morsomt?
kvardagshumor, som håret til sigbjørn når han vaknar, å danse jødisk dans når eg lagar middag, fjeset til folk når dei nesten tryner på isen


kva er du dårlig på?
å senke skuldrane og forventingane til meg sjølv, å snakke i telefon, å halde kontakt med gamle venar, å ete fem om dagen


kva skal du baka denne veka?
eg har plutseleg fått bakedilla, og så langt har eg bakt scones og tortillas denne veka, og vidare har eg planar om å bake brød for første gong sidan heimkunnskapen i sjetteklasse, og kanskje ei lita kake, vi får sjå, men i alle fall eit brød

korleis ser du ut når du nettopp har vakna?
jævlig? klarar ikkje å fokusere med auga og eg synst mest eg ser ut som ein gut med langt hår

kven er du forelska i akkurat no?
han her!

kva var det første du stjal?
hugsar ikkje? har ikkje vore særleg til tyv. får vondt i magen av å tenke på tjuveri.


eit bilde når du drikk alkohol:
eit herleg bilde frå den gong eg enno ikkje hadde lov til å drikke alkohol og brukte ... bukseseler...

kva har du tenkt på å gjera lenge men ikkje gjort?
dratt i museumsbutikken til tromsø museum og handla julegaver. neste helg!


kva gruar du deg til?
muntleg eksamen i vitskapsteorifaget eg skriv oppgåve i no


kva skjer i helga?
jobb, brødbaking, kyssing, skrive ferdig eksamensoppgåve, og ellers ha beina på bordet og hovudet i fanget til typen
 

liste lånt frå mariell.

mandag 12. november 2012

doctors should prescribe this song as an anti-depressant, it makes me feel wonderfu



på mandagar du vaknar av lyden av regn som fell tungt mot gata utanfor soveromsvindauget ditt,
på mandagar du berre har tid til å spise ein banan til frokost fordi du sov ein halvtime ekstra,
på mandagar med sludd så tett at du ikkje kan sjå fjellet på andre sida av sundet, 

på mandagar du er litt tung inni deg fordi familien din har dratt heim igjen,
på mandagar du er så jævla happy fordi du har fått innmari god tilbakemelding frå fagansvarleg,
på desse mandagane er det berre ein ting å gjere: setje på "i wanna dance with somebody" så høgt du berre vågar, på bussen, på lesesalen, i stua, på soverommet, mens du går ute i regn, i sol, i sludd, la whitney synge heilt frå åttitalet og til i dag, la ho gje deg smilet ditt.