onsdag 29. februar 2012

fragment frå hjartet

1. eg boksar han i magen fordi han ikkje er forelska i meg, sju år og slår han i magen, ei jente slår ein gut

2. han klatrar i eit høgt tre, eg skriv ein lapp, "du er så modig", han visar den til alle gutane etterpå

3. "du kan få ett, søstra mi har så mange", seier han og gir meg eit rosa hjerteviskelær

4. han smakar rød extra når vi kyssar

5. eg lastar ned musikk på pcen hans og brenner cder til meg sjølv og han seier at eg minnar om ho jenta i musikkvideoen til the margarets, ho med gummistøvlar og skjørt, vi ser videoen på svisj i stua

6. han gir meg ein jojo forma som ei marihøne når han flyttar og eg blir igjen

7. han har langt hår med nokre dreads i

8. eg spør kva som sto på russekortet hans

9. eg seier til mor mi at sånn vil eg at kjærasten min skal sjå ut første gong eg ser han

10. eg held rundt han før vi sovnar, kyssar ryggen og tenker aldri forlat meg

11. han blir.

onsdag 8. februar 2012

fem ting på ein onsdag


1. å sjå på eit fint bilde av meg sjølv frå tidlegare i veka

2. å spise lasagne til middag etter å ha jobba ein heil dag

3. å glede meg til inga og christian kjem på besøk på fredag!

4. å tenke på at etter at forrige veke var over, den som liksom skulle vere nynorskveka, så er fortsatt kvar veke nynorskveke for meg

5. å høyre denne songen på repeat

tirsdag 31. januar 2012

får jag veta vad du tänkar på? skulle du rana en bank för oss två?


1. Hur gammal är du om fem år? tjuesju og eit halvt cirka
2. Vem tillbringade du minst två timmar med i dag? oda og iselin som eg går i klasse saman med, pluss ei som heoiter grete, som går i klassen, om blei tjue i går og fikk kake av ei anna i klassen som heiter tina, og den spiste vi i kantina etter forelesninga.
3. Hur lång är du? 166 cm berre.
4. Vilken är den senaste filmen du sett? heilt totalt ikkje mitt eiga val og ganske pinleg: rocky 1.
5. Vem ringde du senast? maria beluga, klokka halv to natt til søndag...
6. Vem ringde dig senast? ellen berit (må ringe tilbake!).
7. Hur löd det senaste sms:et du fick? "Hurra! Men da e den grei."
8. Föredrar du att ringa eller skicka sms? sms. hatar å snakke i telefon.
9. Är dina föräldrar gifta eller skilda? gifte! på tjueførste året!
10. När såg du senast din mamma? for ein måned og ein dag sidan. men til helga skal eg heim!
11. Vilken ögonfärg har du? brune.
12. När vaknade du i dag? ni.
13. Vilken är din favoritjulsång? vanskeleg! eg elskar alle mulige sånne jule-popsongar. det må nok vere "do they know it's christmas?" av sånne popsongar og så kanskje "o' helga natt"? kan ikkje ta til å tenke på jul NO.
14. Vilken är din favoritplats? stua heime i svanehalsen hos mamma og pappa, trondarnesfjæra, jardin de luxembourg i paris, tunet på gallogiedde der márkomeannu blir laga, armkroken til sigbjørn.
15. Vilken plats föredrar du minst? toalettene på universitetsbiblioteket i tromsø og alle stappfulle bussar/trikkar/metroar.
16. Var tror du att du befinner dig om tio år? kor som helst i verda, hand i hand med sigbjørn. helst med ein jobb som betalar godt og så håpar eg at eg har lappen da.
17. Vad skrämde dig om natten som barn? å måtte gå forbi bokhylla der "heksene" av roald dahl sto. heilt hysterisk.
18. Vad fick dig verkligen att skratta senast? hugsar ikkje? eg ler heile tida av alt muleg.
19. Hur stor är din säng? 120 cm!
20. Har du stationär eller bärbar dator?
ein bærbar macbook!

21. Sover du med eller utan kläder på dig? kjem an på om eg er aleine eller ikkje.
22. Hur många kuddar har du i sängen? ein som er mi.
23. Hur många landskap har du bott i? om det tydar by, så fire!
24. Vilka städer har du bott i? harstad, oslo, paris, tromsø
25. Föredrar du skor, strumpor eller barfota? akkurat no: ullsokkar. vanlegvis: barfota.
26. Är du social? ja, men eg synst det kan vere ganske digg å vere aleine.
27. Vilken är din favoritglass? pasjonsfruktsorbet. alle sorbetar, stort sett. og jogurtis.
28. Vilken är din favoritefterrätt? pannacotta. så dyrisk godt.
29. Tycker du om kinamat? ja! veldig. i går lagde eg vårrullar og inni granskauen så godt det var.
30. Tycker du om kaffe? ja, men eg kan ikkje drikke for mykje av det, for da må eg tisse heile tida pluss at eg blir ganske dårleg av det og må ligge i fosterstilling i nokre timar.
31. Vad dricker du till frukost? på ein vanleg dag er det stort sett berre vatn. på søndagar ofte melk. på ekstravagante dagar: jus.
32. Sover du på någon särskild sida? eg sovnar stort sett med ansiktet mot venstre.
33. Kan du spela poker? nei. kan spele olsen og krig og gris.
34. Tycker du om att mysa/kela? skjønner ikkje kva det betyr. kela kan ikkje bety det eg trur i alle fall.
35. Är du en beroendemänniska? skjønner ikkje kva det betyr!!!
36. Känner du någon med samma födelsedag som din? ja, kjærasten til ine!
37. Vill du ha barn? ja, men ikkje NO.
38. Kan du några andra språk än svenska? norsk, engelsk, fransk. også prøver eg å lære meg pittelitt samisk, men det går sakte, for å si det mildt.
39. Har du någonsin åkt ambulans? nei.
40. Föredrar du havet eller en bassäng? altså, utandørsbasseng i syden kan vere fint, men eg må nok svare havet, eg kjem jo frå kysten, da må eg svare havet.
41. Vad spenderar du helst pengar på? mat og klær og reiser.
42. Äger du dyrbara smycken? ikkje nokre særskilt kjempedyre, men eg har smykker som er dyrebare for meg.
43. Vilket är ditt favoritprogram på tv? norsk attraksjon og seinfeld.
44. Kan du rulla med tungan? ja.
45. Vem är den roligaste människan du känner?
det er jo meg sjølv, det. også har eg veldig mange morsomme venar som eg kan flire til eg griner med.
46. Sover du med gosedjur? nei.
47. Vad har du för ringsignal? duffy med mercy, av ein eller anna absurd grunn. også når august, bror min ringer, så er det ein ulv som uler...
48. Har du kvar klädesplagg från då du var liten? ein gåve eg fikk frå "tante" siri til fireårsdagen min som er ei gul t-skjorte med trykk av ole brumm på, ole brumm som heng i ein blå ballong, ikkje disney-ole brumm, men gamaldags a.a. milne-ole brumm. den skal eg ha alltid.
49. Vad har du närmast dig just nu som är rött? eit rødt midjebelte og ei sofia jannok-plate.
50. Flirtar du mycket?
nei!
51. Kan du byta olja på bilen? nei. kan ingenting med bil, bortsett frå å skrape bort is frå vindauga, og sjølv det klarar eg sånn midt på treet berre.
52. Har du fått fortkörningsböter någon gång? nei, men eg har ikkje lappen, så det er ikkje så rart.
53. Vilken var den senaste boken du läste? leste ferdig? "jo fortere jeg går, jo mindre er jeg." av kjersti annesdatter skomsvold. også les eg ei fagbok som heiter "balansekunstnere" av annick prieur og ei kosebok som heiter "sent i november" av tove jansson.
54. Läser du någon dagstidning? nei, les morgenbladet, ei veketidning.
55. Prenumererar du på någon veckotidning? sigbjørn gjer, så det drar eg nytte av. morgenbladet og klassekampen laurdag.
56. Dansar du i bilen? går det i det heile tatt an?
57. Vilken radiostation lyssnade du till senast?
nrk p3.
58. Vad var det senaste du krafsade ner på ett papper? SPL1002. Samfunnsgeografi. Tirsdag 31. januar 2012.
59. När var du i kyrkan senast? det kan eg ikkje hugse, så det må vere år og dag sidan. det må ha vore i ein konfirmasjon for kanskje 4-5 år sidan.
60. Är du lycklig? ja.

tirsdag 24. januar 2012

lykke i bilde


ein tur på grand café i oslo kor ein kan sjå på det svære maleriet på veggen kor ibsen er på veg inn døra (han kom dessverre ikkje inn døra da eg var der)


eit beger med is ein vårdag med sol (tøysko! tøysko! tøysko!)


eit ærleg forsøk på å skrive noko fint på eit framand språk


eit herleg blinkskot av eit par herlege menneske i bursdagen til ein herleg bestefar som blei søtti år


frå ein sykkeltur i hellas, langt oppi dalstrøkene, hit kjem eg aldri igjen, men bildet har eg fortsatt

søndag 22. januar 2012

to år.


akkurat i desse dagane er det to år sidan eg pakka 30 kilo av livet mitt ned i den nye raude kofferten eg fekk til jul og ein trillekoffert og satte meg på eit fly ved sidan av barbra med ein einvegs-billett i handa, oslo - paris, og eg hugsar at eg sa til barbra at eg kom til å begynne å grine når eg såg eiffeltårnet, at da kom det til å gå opp for meg at all ventinga hadde ført fram til den her dagen, at no skulle min draum nummer éin bli verkelegheit, men tårane kom aldri.
vi budde hos på eit lite og kaldt rom i åtte januardagar medan vi venta på å få flytte inn i leiligheita vi fant via den amerikanske kyrkja, vi sov til tolv og gikk byen rundt, i pausane brukte vi pengane våre på klede og kakao og kinamat, vi drakk cava kvar kveld med kanadiaren som bodde i leiligheita og jobba på fashion week i paris.

og så fikk vi leie ei leiligheit i 5ème arrondissement, rett ved sorbonne, i tredje etasje, trettifem kvadrat, ein av oss sov på stua, ein på soverommet ein måtte gå gjennom for å komme til badet, to jenter, to lukter, to liv, ein by. vi drakk vin, vi spiste lasagne, vi leste bøker, vi kjøpte secondhandkjoler til ti euro per stykk, vi fikk nye venar, vi hadde stille kranglar, vi blei venar igjen, vi snakka alvorleg i fylla, vi visste kva den andre haldte på med sjølv om vi ikkje sa det høgt, vi irriterte kvarandre, vi tok oppvasken, vi lagde spotifylister, vi inviterte til fest ein gong i uka sjølv om vi hadde lova ho vi leide leiligheita hos at vi var stille jenter, snille stille jenter, men vi fikk aldri klagar, vi høyrte på naboen på andre sida av veggen skype med kona si, i alle fall trudde vi at det var det vi gjorde, vi spiste paninis vi kjøpte på sjappa rett på hjørnet, vi drakk vin fleire gongar i uka, vi levde slik ein berre kan gjere eit halvt år i livet fordi ein veit at det er no og aldri sidan denne sjansen kjem. å bu i paris var fantastisk, det var eit helvete, eg lo, eg gråt, eg følte meg som verdas sterkaste jente og eg følte meg som verdas svakaste lille flue. eg gikk ut fordi eg aldri fikk nok av byen, eg haldt meg inne fordi eg hadde fått nok for lenge sidan.

no er det to år sidan eg var tjue år og flytta til paris. ofte tenker eg at eg gjerne skulle flytta tilbake, vore der lengre, hatt ein jobb der, levd bohemlivet der, vore der ein heil sommar eller ein heil vinter og berre latt humla suse, hatt ein sykkel og sykla i boulevardane langs seinen, sykla dei små gatane i marais, men eg veit at det halve året som var, ikkje kjem tilbake. dei kjenslene kjem ikkje tilbake, dei luktene, dei smakane, dei tankane. eg var på veg ut av eit forhold, på veg inn i eit nytt, i eit heilt anna land, på heilt eiga hand. ein er berre tjue år og heilt fri ein gong i livet, og den gongen for to år sidan var min gong. ting blir aldri dei same, uansett kor mange gongar eg drar tilbake, og det er både godt og vondt. eg er fortsatt meg, og det kan eg takke draumane mine og hjartet mitt så inderleg mykje for.

lørdag 21. januar 2012

friday

nokre dagar vil ein berre ligge heime på sofaen kledd som wednesday addams og spise berlinerbolle og grine heilt til det er tomt utan å vite korfor. i går var ein slik dag, i alle fall delvis. eg har ikkje sett sola ein einaste gong på to månadar og eg holdt på å gjere meg sjølv (og min pluss one) sprø. nokre dagar må ein berre tømme hovudet og tårekanalane og vente på at det skal bli ein ny dag. og så går det heldigvis over, til slutt.

onsdag 18. januar 2012

mummipappa


dei siste dagane har mummipappa vore den utvalte koppen eg har brukt av dei ti koppane i samlinga. om mummipappa står det: "Mummipappa er veldig eventyrlysten, og har fortsatt "det lille barnet" i seg. Noe som lyser gjennom, selv om han er blitt familiefar. Men han er en bestemt person om han vil!" eg føler meg svært sjelden eventyrlysten, men det lille barnet har eg enno (kanskje fordi eg berre er 22). mest av alt vel eg mummipappa-koppen fordi han treng å bli brukt og fordi mummipappa drøymar seg bort, slik eg gjer. men aller mest vel eg den fordi den er svart og tøff. i dag er eg og svart og tøff. eg har til og med plaster på fuck you-fingaren. det er tøft. nokre dagar vil eg berre vere litt tøff, eg og.