eit pikebarn med hjartebank skriv blogg om grå dagar, lyserosa skyar, gode vener, fine folk, musikk ein kan danse til, filmar ein kan grine til, også handlar det ganske mykje om kjærleik.
lørdag 21. september 2013
gåsehud i ansiktet
eg er jo veldig glad i musikk, har vore glad i musikk så lenge eg kan hugse, og om det er ein ting eg liker spesielt godt, så er det vokalistar som syng reint og pent og vakkert. i så måte er simon & garfunkel to av mine favoritt-vokalistar, for stemmane deira er så reine og mjuke og så fri for alt som er vondt, sjølv om det alltid er ein viss melankoli i botn. det kvinneleg motstykket til simon & garfunkel må jo i så måte vere first aid kit. også desse to søstrene frå sverige har stemmar mjuke som rømmegraut, som kan gje deg frysningar på ryggen berre av ein enkel harmoni. akkurat som eg liker det.
så, ved ein slump kom eg over youtube-videoen over, der first aid kit covrar simon & garfunkel si nydelege låt "america". songen er i originalversjon sår og mjuk og alvorleg, men eg vil, utan å overdrive, seie at jentene frå sverige tar den eitt hakk vidare og gjer han enda eitt hakk finare. om det går an. og om du ser på slutten, kan du sjå at paul simon i høgaste grad ser ut til å vere einig med meg.
gåsehud i ansiktet, altså. god helg!
mandag 16. september 2013
kort frå hausten
hausten gjer alt verdt det. å vakne ein mandag med sol om hausten er å vakne med ein optimist i magen. lufta er så frisk, så god at du vil ete ho, og du gjer det, og blir du meir sulten, finst det alltid eple.
og alle husa er fylt av folk som ventar på noko. kanskje på at kjærasten skal kome heim frå trening, kanskje på første episode av broen 2, eller på at den nye boka til frode grytten skal kome i butikk. alle ventar på noko som snart skal skje, noko som snart skal kome.
hausten er å begynne på nytt, ein ny sjanse, og sjølv om naturen rundt oss døyr og gjer seg klar for vinteren, kan eg ikkje tru det er sant at han døyr, for det kan ikkje vere sant at noko kan vere så vakkert som hausten, ingenting kan vere så vakkert når det døyr.
lørdag 13. juli 2013
identitetskrise
det var så mykje lettare å skrive her inne før, sjølv om eg ikkje berre skreiv om lette ting. noko skjedde da eg flytta frå oslo og til tromsø, der kjærleiken var, der hjartet mitt måtte vere. det var meir lengsel, eg var oftare aleine, gjekk ofte rundt og venta på å få besøk, gjekk på do i alle pausane på universitetet for å ikkje vere aleine blant folk som var saman med andre. eg hadde ein jobb eg var glad i, der eg fekk lese bøker høgt for ein gut med kvitt hår, eg hadde inga&christian, eg hadde venar eg dansa med, venar eg drakk te hos, men han hjartet banka for var i ein heilt annan by.
så flytta eg.
og så endra ting seg. bloggen endra seg fordi livet endra seg. eg kom heim på ein heilt ny måte, heim til nord-norge der folk klisjéfylt nok snakkar rett frå levra, framande folk tipsar kvarandre om kva for brød som er best når dei treffast i brøddisken, kundar seier til meg at eg har fin stil, folk ser kvarandre i auga. og eg, eg har ein å halde i handa, som eg lever med og elskar og vil ta vare på. plutseleg har eg ikkje behovet eller behaget for å skrive om mine eigne kjensle her inne, ikkje på same måte som før.
så no veit eg ikkje kva den her bloggen skal vere. trur den har ei identitetskrise.
mandag 20. mai 2013
om å vere eit vanedyr
eg har lese fleire plassar at om ein spis ein ting ti gongar, så kjem ein til å ta til å like den tingen. eg har også lese at det tar tre ukar å innføre ein vane. sjølv synst eg det er noko vakkert med vanar og noko deilig med rutiner. eg synst det er godt å ha ferie, men ofte kan eg bli rett og slett lei meg når eg har tomme dagar utan planar. det passar meg godt å ha ein slags oversikt over kva eg skal gjere og kva tid eg skal gjere det, med eit visst slingringsmonn. å bu saman med eit anna menneske gjer at dei vanane eg hadde da eg budde aleine, blir erstatta av nye vanar. det er trygt og godt å vere ein del av ein organisme beståande av to personar. det er heimleg og bra.
til helga drar eg på datainnsamling til masteroppgåva mi og blir borte i ein heil måned, og det har eg gleda meg til lenge. eg har tenkt på oslosommar og bare bein i graset på st.hanshaugen, på interessante intervju og på å møte alle venar eg ikkje har fått tid til å sjå eller henge med sidan eg flytta. men dei siste dagane har det kome ei ny kjensle inn i det heile. eg gruar meg til å vere borte frå sigbjørn. frå å vere borte frå vanane våre. frå å berre vere meg og meg aleine i ein heil månad. det er kanskje ikkje nødvendig å seie at eg har separasjonsangst frå ei anna verd. pustar med magen for å få det til.
søndag 5. mai 2013
Om ekte mannfolk og avisa Nordlys
![]() |
Screenshot frå nordlys.no |
Gjennom venar fikk eg tips om denne saka i går kveld. Glamourmodellen og sexspaltisten Camilla Fors har tatt på seg det selsomme oppdraget å lede eit slags menneskeleg oppussingsprosjekt i ein web-tvserie med namnet "Heteropatruljen", som openbart speler på det tidlegare prosjektet "Homsepatruljen". Målet med serien er å finne ekte mannfolk, og som ein kan lese i sitatet over, er ekte mannfolk menn som drikk øl og ser på fotball saman med kompisane sine. Eg fikk såklart hjartet i halsen da eg las det, i og med at han eg sjølv skal gifte meg, er avhaldsmann. Det må jo vere det første teiknet på at han ikkje er eit ekte mannfolk.
Men altså, spøk til side. Eller, ein skulle jo nesten tru det heile var ein spøk. Og ein skikkeleg dårleg ein, ein ekstra billig. Å sende ein glamourmodell rundt i Tromsø sine gater for å finne menn som treng ei skikkeleg oppstramming, eit skikkeleg ballespark for å forlate sine mjuke sider og bli ekte mannfolk. Drit i feminismen, gutar, de har blitt hjernevaska! Gløm mjuke verdiar, gløm å ta oppvasken etter middagen dama di laga, dra heller på fotballkamp med gutta, og hugs å ha skikkeleg brei beinstilling medan du gjer det, så ingen skal tvile på at du er ein ekte mann. La det aldri vere nokon tvil!
Okei, eg prøvar meg på nytt: Spøk til side. Kva er det som er galt med det her? (Sjølv spør eg meg vel eigentleg "kva er det som er rett med det her?", men det er vel kanskje to sider av same sak.) Er det ikkje berre eit uskuldeg og artig påfunn med glimt i auget? Nei. Det synst eg ikkje. La oss ta det første først: Kjerna i det heile er tanken om "ekte mannfolk". Desse "ekte mannfolka" har interesser, interesser som skiljer seg sterkt frå kvinnfolk sine interesser. Ekte mannfolk skal ikkje drikke vin, dei skal drikke øl. Ekte mannfolk skal sjå på fotball med kompisar, ikkje sitte heime og halde kjærasten i handa. Ein ekte mann har ein kjønnsrolle å forholde seg til, og det er det lite rom for variasjon. Det heile dette påfunnet seier er "SLIK ER EIN MANN".
Spørsmålet mitt er: Korfor? Korfor treng vi å stadig finne på nye måtar å manifestere kjønnsrollar på? Korfor er ein mann mindre mann om han er feminist? Korfor er det ein svakheit? Og korfor tenke ut ifrå ein evig stigmatiserande modell som setjer opp meir eller mindre unaturlege skiljer mellom kvinner og menn? Eg blir, unnskyld uttrykket, jævlig sliten og lei av at dette faktisk er gyldege spørsmål i 2013. Eg trudde faktisk vi hadde kome lengre. Kanskje eg lever i eit politisk korrekt boble kor å vere mann og feminist gir stjerne i boka. Det er jo for øvrig heilt sjukt, at eg må føle eit behov for å belønne menn som er feministar, akkurat som at det skulle vere eit paradoks, at feminisme skulle vere forbehaldt kvinner. Å jobbe for like rettar for kvinner og menn og ein tankegang om at kvinner og menn er like mykje verdt, skulle i seg sjølv vere heilt naturleg og gjelde for alle.
Slik er det openbart ikkje. I Nordlys sin serie med akk så mykje glimt i auget seier dei rett ut at det er for mykje feminisme blant menn. Det må vi få ei ordning på. Heldigvis står Camilla Fors beredt til å hjelpe dei stakkars menna ut av uføret. Det er det Nordlys kommuniserer ut med det her prosjektet. Dei er med på å oppretthalde skiljer som ikkje nødvendigvis treng å finnast, og ikkje minst kjempar dei for å behalde stereotype kjønnsrollar og kjønnsideal. Det er verkeleg synd at dei synst at det er verdt å bruke kapasitet og pengar på eit slikt prosjekt, og på å framme eit slikt verdisyn. Eg trudde verkeleg vi var kome lengre. Eg tok feil.
tirsdag 2. april 2013
om av og til å vere redd, men så skjønne at det går bra likavel
for halvanna månad sidan sto eg plutseleg midt i urskogen i eit vulkanområde i mellom-amerika med hjartet langt oppi halsen og ekstra spissa øyrer for å høyre etter farlege lydar. eg er nemleg ganske redd for alle mulege dyr eller udyr (ugler, aper og froskar er berre eit lite utval) og på vegen opp mot urskogen hadde vi gleden av å høyre nokre ekstremt høge bjeffelydar, som guiden vår kunne fortelje var verdas nest høgaste lyd laga av dyr, nemleg brølaper. og ikkje sånne brølaper som du sikkert gikk på vidaregåande med som no jobbar som dørvakt, men ekte brølaper. eg lo nervøst og klemte handa til sigbjørn. saman med to andre nordmenn hadde vi kjøpt ein guida tur rundt vulkanområda utanfor granada i nicaragua, og som dessert skulle vi kjøre taubane.
altså. eg er sjukt nervøs og redd for alt som er utanfor mi eiga komfortsone. eg er utruleg lite glad i å utfordre alt eg kjenner, dessutan er eg redd for ting som går fort, for å falle ned, for at ei ape skal bite meg og gje meg ein sjukdom som ikkje finst enno, ja, det meste eigentleg. eg følte at denne turen var noko eg dro på med livet som innsats.
som de sikkert skjønnar, kom eg frå det med livet i god stand. eg falt ikkje ned og eg blei ikkje bitt av ei ape, men eg fikk gå rundt i skogen og tenke at dette kjem eg aldri til å oppleve igjen. av og til er den tanken den aller beste suverniren.
onsdag 13. mars 2013
jag är platsen dom aldrig upptäckte/jag är en storm från ingenstans
når du tenker tilbake på alle desse dagane, alle vekene, alle helgene, alle månadane, alle åra, kva skal du hugse? hugs alle dei bra festane, hugs korleis du lyste i mørket om natta, hugs korleis du alltid kyssa med innleving, sjølv når guten ikkje kunne kysse. hugs dei gongane du klarte å lage noko godt for første gong, ikkje at du sto og gråt av sinne for ein svidd omelett. hugs at du av og til måtte ligge på framande badegolv og spy, eller latteren til bestevenninna di da du fortalte ho kva som hadde skjedd i helga, tenk på kor jævlig satans ondt det var da han dumpa deg til fordel for ei blond jente og du måtte sjå han kvar dag på skolen, tenk at du blei hardare og betre av det, for det blei du, og så, til sist kan du tenke på at du sikkert har brukt fleire timar samanlagt av livet ditt på å le skikkeleg skikkeleg høgt, og så kan du sette på den nye singelen til håkan hellström og vite til at det kjem til å bli stadig fleire timar. det kjem alltid fleire timar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)