tirsdag 24. januar 2012

lykke i bilde


ein tur på grand café i oslo kor ein kan sjå på det svære maleriet på veggen kor ibsen er på veg inn døra (han kom dessverre ikkje inn døra da eg var der)


eit beger med is ein vårdag med sol (tøysko! tøysko! tøysko!)


eit ærleg forsøk på å skrive noko fint på eit framand språk


eit herleg blinkskot av eit par herlege menneske i bursdagen til ein herleg bestefar som blei søtti år


frå ein sykkeltur i hellas, langt oppi dalstrøkene, hit kjem eg aldri igjen, men bildet har eg fortsatt

søndag 22. januar 2012

to år.


akkurat i desse dagane er det to år sidan eg pakka 30 kilo av livet mitt ned i den nye raude kofferten eg fekk til jul og ein trillekoffert og satte meg på eit fly ved sidan av barbra med ein einvegs-billett i handa, oslo - paris, og eg hugsar at eg sa til barbra at eg kom til å begynne å grine når eg såg eiffeltårnet, at da kom det til å gå opp for meg at all ventinga hadde ført fram til den her dagen, at no skulle min draum nummer éin bli verkelegheit, men tårane kom aldri.
vi budde hos på eit lite og kaldt rom i åtte januardagar medan vi venta på å få flytte inn i leiligheita vi fant via den amerikanske kyrkja, vi sov til tolv og gikk byen rundt, i pausane brukte vi pengane våre på klede og kakao og kinamat, vi drakk cava kvar kveld med kanadiaren som bodde i leiligheita og jobba på fashion week i paris.

og så fikk vi leie ei leiligheit i 5ème arrondissement, rett ved sorbonne, i tredje etasje, trettifem kvadrat, ein av oss sov på stua, ein på soverommet ein måtte gå gjennom for å komme til badet, to jenter, to lukter, to liv, ein by. vi drakk vin, vi spiste lasagne, vi leste bøker, vi kjøpte secondhandkjoler til ti euro per stykk, vi fikk nye venar, vi hadde stille kranglar, vi blei venar igjen, vi snakka alvorleg i fylla, vi visste kva den andre haldte på med sjølv om vi ikkje sa det høgt, vi irriterte kvarandre, vi tok oppvasken, vi lagde spotifylister, vi inviterte til fest ein gong i uka sjølv om vi hadde lova ho vi leide leiligheita hos at vi var stille jenter, snille stille jenter, men vi fikk aldri klagar, vi høyrte på naboen på andre sida av veggen skype med kona si, i alle fall trudde vi at det var det vi gjorde, vi spiste paninis vi kjøpte på sjappa rett på hjørnet, vi drakk vin fleire gongar i uka, vi levde slik ein berre kan gjere eit halvt år i livet fordi ein veit at det er no og aldri sidan denne sjansen kjem. å bu i paris var fantastisk, det var eit helvete, eg lo, eg gråt, eg følte meg som verdas sterkaste jente og eg følte meg som verdas svakaste lille flue. eg gikk ut fordi eg aldri fikk nok av byen, eg haldt meg inne fordi eg hadde fått nok for lenge sidan.

no er det to år sidan eg var tjue år og flytta til paris. ofte tenker eg at eg gjerne skulle flytta tilbake, vore der lengre, hatt ein jobb der, levd bohemlivet der, vore der ein heil sommar eller ein heil vinter og berre latt humla suse, hatt ein sykkel og sykla i boulevardane langs seinen, sykla dei små gatane i marais, men eg veit at det halve året som var, ikkje kjem tilbake. dei kjenslene kjem ikkje tilbake, dei luktene, dei smakane, dei tankane. eg var på veg ut av eit forhold, på veg inn i eit nytt, i eit heilt anna land, på heilt eiga hand. ein er berre tjue år og heilt fri ein gong i livet, og den gongen for to år sidan var min gong. ting blir aldri dei same, uansett kor mange gongar eg drar tilbake, og det er både godt og vondt. eg er fortsatt meg, og det kan eg takke draumane mine og hjartet mitt så inderleg mykje for.

lørdag 21. januar 2012

friday

nokre dagar vil ein berre ligge heime på sofaen kledd som wednesday addams og spise berlinerbolle og grine heilt til det er tomt utan å vite korfor. i går var ein slik dag, i alle fall delvis. eg har ikkje sett sola ein einaste gong på to månadar og eg holdt på å gjere meg sjølv (og min pluss one) sprø. nokre dagar må ein berre tømme hovudet og tårekanalane og vente på at det skal bli ein ny dag. og så går det heldigvis over, til slutt.

onsdag 18. januar 2012

mummipappa


dei siste dagane har mummipappa vore den utvalte koppen eg har brukt av dei ti koppane i samlinga. om mummipappa står det: "Mummipappa er veldig eventyrlysten, og har fortsatt "det lille barnet" i seg. Noe som lyser gjennom, selv om han er blitt familiefar. Men han er en bestemt person om han vil!" eg føler meg svært sjelden eventyrlysten, men det lille barnet har eg enno (kanskje fordi eg berre er 22). mest av alt vel eg mummipappa-koppen fordi han treng å bli brukt og fordi mummipappa drøymar seg bort, slik eg gjer. men aller mest vel eg den fordi den er svart og tøff. i dag er eg og svart og tøff. eg har til og med plaster på fuck you-fingaren. det er tøft. nokre dagar vil eg berre vere litt tøff, eg og.

søndag 15. januar 2012

dei siste dagane har eg...


sett på morgenkåpene frå bakrommet


drukket kapselmaskinkaffe på bakrommet (det er cirka den einaste type kaffe eg kan drikke, kapselkaffe med melk i)


tatt uforskamma mange bilde av meg sjølv med instagram og andre liknande appar


hatt på meg ballerinasko på jobb og gleda meg til eg igjen kan bruke det utandørs (lenge til)


sett på bhar, solgt bhar, tenkt på bhar, hatt på meg bhar


prøvd å kle meg fint og fjongt


trent pittelitt, nok til å vere nøgd

sett ut som ein rappar/tenåringstjuv frå ein forstad til london (men collegegensaren avslørar meg kanskje)

fredag 13. januar 2012

kjæraste.

dette skulle eigentleg handle om ting eg er glad for. eg skulle finne fram bilde av fine ting, eg fant eit bilde av sigbjørn og så var det gjort. for når alt kjem til alt, er nok sigbjørn det eg er mest glad for i heile verda (bortsett frå å vere i live og å ha primærbehova dekka). første gong eg såg sigbjørn, sa eg til mor mi at "sånn vil eg at kjærasten min skal sjå ut". nokre år seinare ser kjærasten min slik ut, fordi det er han. han er den finaste eg veit, og er flink til å kjøre bil, flirar høgt av meg og med meg, har fint hår som krøllar seg og fin telefonstemme, og så er han veldig snill. det passar bra, for eg er ikkje alltid så snill, og når eg er trist og lei, er han flink til å trøste knøttet. desse tinga og minst hundre andre ting hjelper til at eg har det bra og er lykkeleg. det er eg veldig veldig veldig glad for, og det seier eg til han kvar dag. det er det finaste eg veit.

(sigbjørn: om du synst det her blei kleint, unnskyld, men du har valt det sjølv.)

onsdag 11. januar 2012

you'll look back at photos of yourself and recall in a way you can't grasp now how much possibility lay before you and how fabulous you really looked


det her må vere eitt av mine favorittbilde av meg sjølv. eg ser så glad og lykkeleg og sterk ut, som om nokon har fortalt meg at eg skal få feire bursdag tre dagar på rad, at eg har fått eit gavekort på gratis middag ut året eller at verdas beste fyr er forelska i meg og eg det same i han. eitt av tre er det rette svaret, men det er ikkje så nøye: poenget er at eg ser rett ut uknuseleg ut. glad og lykkeleg og fin i tøyet.

og så kjem desse dagane, sant, når du står og ser deg sjølv i speilet og nesten tar til å grine for at håret er heilt flatt eller det berre er noko fundamentalt galt med fjeset ditt, og så fortel du det til deg sjølv, nokre dagar i månaden, også tar du til å starte å tru på det du sjølv seier til deg sjølv i speilet. også blir det sånn at du lukkar auga når du bestiller noko på kafé eller ikkje ser i retninga til den du snakkar med eller snur og går ein annan veg når du ser nokon du kjenner på gata som du potensielt må snakke med.

sånne dagar kjem. sånne dagar der du berre står og ser deg i speilet og lurer på korleis du kan forsvare å gå ut kledd slik du er, høgvatnsbukse og stripate genser, som om det var 1985, hallo i luka, liksom, og ikkje prøv å ta på leppestift, for du veit, du kan sminke ein gris, men det er fortsatt ein gris. og sånn her fortsettar det.

sånne dagar finst. men sånne dagar må ein berre prøve å ta rotta på. i dag, medan eg sto der framfor speilet og tenkte "fan altså", innbilte eg meg at ei jente eg ikkje kjenner så godt skulle skrive til meg på twitter at eg såg ut som "the queen of fucking everything". ein heilt absurd barnsleg tanke i utgongspunktet, men så begynte eg å tenke. korfor skulle eg ikkje kunne seie det til meg sjølv og meine det, om andre skulle finne på å seie det? korfor kan ikkje eg, for ein gongs skuld, klappe meg sjølv på skuldra, gå ut døra og tenke at no, no vinn eg, det her klarar eg, for eg er the queen of fucking everything. i alle fall for ein dag.

kjenner du deg igjen? la oss saman prøve å ta rotta på den lille djevelen som sitt på høgre skulder og får oss til å seie alle stygge ting om oss sjølv, og heller bli betre ven med oss sjølv. mitt første skritt mot å vere komfortabel og glad i min eigen kropp, var å få eit heilfigurspeil på soverommet. håpet er at det ein gong skal vere heilt ok og heilt fint å sjå sin eigen kropp utan å tenke "kva kuuuunne ha vore betre?" - eg håpar de vil gjere det same.