
står opp kvart over sju, spis fort frokost, sminkar meg, tar på nye fine ørepynt, går på jobb, er på jobb, har ein fin klasse, er glad for å skulle vere der heile veka, går ein tur ut i sola, spis lunsjen min på lærarværelset, les jon fosse, går på jobb, er på jobb, drar heim, spis stekt sei, ser hotell cæsar, slappar av, skal ut og springe, har laga speleliste, tanken på den rosa joggejakken får meg til å smile litt, det er da noko, sola skinn, og eg kan godt komme inn i ei slik rutine no, oppgradere, ei veke med jobb og trening og så tar eg kjærasten i handa og drar bort i tre veker, det her skal gå, livet i 2.0.