
i dag er det ein perfekt laurdag. eg vakna etter akkurat nok søvn, dusja, ordna meg god frukost med god appelsinjus (dette er noko av det viktigaste for å få ein dag til å gå rundt, dei siste dagane har det vore altfor mykje havregraut som eg har ete i all hast). eg sminka meg og hadde på leppestift og solbrillar og såg litt ut som ein spion og dro ut for å møte silje. vi gikk rundt på frogner arm i arm, kjøpte makronar på sebastien bruno (dei har fått blåbær-smak, eg er spent!) og drakk kaffe på kaffebrenneriet og dei blei leppestiftmerkar på koppen, noko av det finaste eg veit. så dro vi tilbake til sentrum for å kjøpe cava og eg fikk meg ny bukse og kimono og så drog eg heim. no skal eg drikke te og spise makronar og lese ei bok kjærasten min har skrive, og så skal eg på fest med nokre fine jenter og drikke cava og flire høgt og tenke på kor fin denne tida av livet eigentleg er og kor sjukt takksam eg er for at eg har det som eg har det. god helg!