Viser innlegg med etiketten 2012. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 2012. Vis alle innlegg

tirsdag 10. januar 2012

korleis overleve vinteren, pt.1

her kjem nokre velmeinte tips frå meg til deg for korleis overleve dei siste dagane før sola kjem, den kalde tida som såvidt berre har starta, eller korleis glede seg over kvit bakke og minusgradar.


1. gå ut i favorittvinterkåpa med ullsokkar i skoa, ullstilongs, ullmakkotrøye og verdas beste bh under. ein kan halde varmen og samtidig sjå fin ut (pluss at ein slipp urinveisinfeksjon, som eg pådrog meg etter å ha valsa ute i tynnstrømpebukse i romjula - ikkje å anbefale, nokre gongar gjer ein lurt i å høyre på mor si)


2. gå ut medan det enno er lyst og sjå på fjella, sjå på havet, sjå på dei rare folka som stirrar rart når eg går rundt som tromsø si eiga lille gaupe i pelsen min


3. gå aleine på kafé og ikkje vere redd for at nokon ser rart på deg, drikk cappucino og et ein croissant, eller kråssang, som det heiter der eg kjem ifrå, lag leppestiftmerkar på koppen og høyr på the kinks


4. lag noko godt til middag som du kan ete restane av ein dag du ikkje orkar å ete to brødskiver med kvitost til lunsj, her illustrert ved ein pai med alt mulig digg inni, pluss ein kopp med filifjonka på, som etter at bildet blei tatt, blei fylt opp med ein skikkelig god te, kusmi-teen kashmir tchaï, anbefalast! kjøp god te du kan drikke etter maten, til frokosten, til dagsrevyen, når du får besøk, når du skal lese "bli björk" eller "imot naturen", eller når du berre har sjukt lyst på te


5. ha noko å glede deg til. eg gledar meg til første gong eg skal bruke desse skoa, som eg har fått av sigbjørn og som eg skal bruke når eg får kofta mi og kanskje ellers òg, i alle fall på 6. februar, samefolkets dag, når vi skal heim til harstad og feire dagen. ellers gledar eg meg til filmfestivalen som startar neste veke, å få besøk av inga og christian, til å dra til oslo på by:larm og til å få lese "imot naturen"

og sist, men ikkje minst, her er soundtracket til den første månaden. den er positiv og glad og full av elektroniske poprytmar og bør få deg opp om morgonen. om ikkje noko av dette hjelp, veit eg ikkje, da får du berre kjøpe deg ein pose ostepop og eit flakslodd og håpe på det beste.

torsdag 5. januar 2012

all i know is there's something new this year//all i know is there's something new real near

plutseleg skal ein lære seg å skrive 2012 bak datoen, ikkje 2011, alltid eit sant strev når du begynner på skolen på nytt, å skrive det nye året, når du er vant til å skrive det som var, dette og alltid svare når nokon i klassen spør deg kva du fikk til jul i år, etterfulgt av rødming, for det har jo ikkje vore jul i år, det var ifjor, det er uke ein og vi startar på nytt, med blanke ark og fargestiftar tell



det forrige året var endringar, i bustad, i jobb, i skole, i nærleik, i venskap, i norge, før og etter ein dato, og sjølv om noko endra seg, er eg redd vi er tilbake der vi var før, men eg håpar det skal halde seg, håpar, men det viktigaste for meg, var uansett alle endringane, å flytte frå oslo til tromsø, frå sør til nord, frå seine kveldar foran macen til tidlige morgonar ved sidan av eit pustande menneske, frå å alltid sakne til å ha skatten framfor meg nestan kvar dag, frå å lese "verdens største fersken" til verdas herlegaste tiåring til å selgje brysthaldarar til nittiåringar, og eg tenkte innimellom på om det var dei rette endringane, å dra frå eit liv og kome til eit anna, det var sårt, men godt, og i 2012 startar året med å verkeleg ha flytta inn saman med han som får hjartet til å banke hardare og magen til å stupe kråke, og eg tenker at det ikkje burde vere på nokon anna måte


i 2012 skal eg fortsette å vere den snille jenta eg er, drikke meir te i lausvekt enn i pose, passe betre på dei eg er glad i, flire like mykje som før, kjøpe fleire gode bhar, se filmar eg ikkje har sett før, kysse sambuaren alle dagane vi er saman, få mi første kofte, dra til eit sted eg ikkje har vore før, gå meir på kafé, bruke mindre tid på å tenke at eg burde bli mykje tynnare, vere med på å arrangere ein heidundranes festival, lage meir god mat, spise oftare frukost og generelt ha det fint, men ikkje vere redd for å vere trist, lei meg, opprørt, sint eller frustrert, og alt i alt berre vere det fine mennesket eg veit at eg kan vere

takk for det gamle, og hei til det nye. eg er klar.

kva skal du gjere i 2012?