tirsdag 23. august 2016

- la oss gjere det, seier han




og inni meg surrar ein stemme, han seier at det ikkje skjedde noko, det skjedde ingenting, lille ven, det skjedde ingenting.

eg kan sjå opp på postkortet, det er stempla og frankert i eit anna land, langt vekke, ein annan stad, ein annan by, eit anna liv. eg kan tenkje på smila våre, på korleis vi aldri tenkte at nokon kom til å forstå, på kor mykje vi flirte av alle dei andre. dei solbrente, dei som hadde stekt seg sjøl i kokosolje med faktor fire, dei feite folka som spiste potetchips og fikk fettate never og sleika fett og salt frå fingrane sine når posen blei tom, velta seg i si ega håplausheit. dei hadde gitt opp, godtatt, dei hadde bestemt seg for at dei hadde nått eit punkt, eit
POINT OF NO RETURN. 

vi flirte av desse. tenkte at verda aldri skulle slå tilbake. eg kan sjå opp på postkortet og tenke at vi skulle aldri ha flirt, ikkje slik, ikkje så mykje, aldri på den måten som vi gjorde, vi skulle ha flirt av ting som var gode, morsomme, vi skulle ikkje tru betre om oss sjølv.
for vi hadde hemmelegheiter vi òg. ting berre vi visste av, nokre ting var verkeleg grufulle, du kunne fortelje meg ting frå barndomen din som fikk meg til å svette på ryggen og tenke på ville skogar eg berre vil springe fort gjennom og kome til den andre sida, men det kjem aldri ei anna side.
og eg hadde hemmelegheiter, om hus som brann som vi berre såg på, om penger ein stal, om hender som var ein plass dei ikkje skulle vere. desse tinga ville eg ikkje tenke på. eg ville ikkje vri meg, ville ikkje vere oppe lenge og tenke på dei, eg ville...noko anna. 

eg ville finne det gode, det fine, leite etter noko som skulle føles riktig inni meg. kanskje ein stad? ein stad som ville vere som heime. ein liten stad med basilikum i lufta og store, rosa syrinar langs den smale vegen opp til ei lita kyrkje i ei fjellside. ein stad kor havet ikkje lenger skulle vere blått, men grønt, og det skulle ikkje vere torsk i vatnet, det skulle vere små gullfiskar i ulike fargar, og om kveldane skulle barna vere like lenge oppe som dei vaksne.
eller kanskje eg skulle finne eit par sko? eit par sorte sko med eit par centimeter høg hæl, sko med snøring, eller kanskje med ei lita spenne på sida, kanskje av den typen spanske damer danser tango med. det skulle klikke i skoa når eg gikk, klikk-klakk klikk-klakk, og dei skulle få meg til å føle meg vaksen. desse skoa skulle eg nesten aldri bruke, berre til finbruk, og dei skulle stå i ei eiga hylle i gangen og sjå fine og nye ut. eg skulle alltid sjå på dei når eg tok på meg vanlige sko, sko med lange kvite skolissar, og eg ville tenke at eg helst ville ha på meg dei fine spanske tangoskoa, "men det får bli til helga", skulle eg tenke.
leita eg etter noko eller nokon? 
fant eg noko? 
fant eg nokon?

og kven var du egentlig?
korfor flirte vi? 
skjønte vi ikkje at vi aldri hadde det godt, at vi berre fortrengde det og peikte på dei andre, flirte av dei, gløymde oss sjølv ei lita stund. 
det skjedde noko. det veit både du og eg, og det veit mora til ein liten tigerstripa kattunge som ligg dau i eit anna land som eit offer, som eit symbol på at noko vakkert òg må døy. 

- la oss gjere det, seier han.
det går nokre minuttar.


- er det over no, spurte eg
- det går aldri over, sa han og blei borte for alltid. heilt til postkortet kom. det er mykje i verda du kan stoppe, mykje du kan ha kontroll over, du kan seie nei til ein heil del. men du kan ikkje stoppe posten.

(sju år gamal tekst som plutseleg poppa opp på facebook.)

1 kommentar:

  1. Wow! Fantastisk tekst. Kan leses igjen og igjen og man finner nye ting som treffer hver gang.

    SvarSlett