søndag 23. februar 2014

grasenka

søndagar har sakte, men sikkert, kjempa seg opp frå å vere ein kjip dag utan mulegheitar for at det skal skje noko anna enn kotelettmiddag, til å bli ein dag eg sett stor pris på. sjelden har eg planlagt noko, eg kan sove utan vekkarklokke, og best av alt er det at eg oftare og oftare vaknar heilt fin, utan den dundrande skallebanken.
søndagar som nestenvaksen trumfar søndagar som tenåring, og der søndaar før i tida var så ulideleg lang, er søndag no altfor kort.

men søndagar denne vinteren og hausten som gikk er innimellom triste søndagar. mange søndagar har sigbjørn sat seg på eit fly og vore borte heilt til fredag, og hatt jobb andre sted i landet. og så sitt eg igjen heime, med oppvask eg må ta aleine, middag å planlegge på eigenhand og ei seng han ikkje ligg i. søndagar har tatt til å vere litt triste og plutseleg vil eg igjen at tida skal gå fort, at dagane berre skal gå, og at eg ikkje skal vere aleine så lenge, at eg ikkje liker meg aleine, at desse romma eg bur i ikkje følast like mykje som ein heim utan han.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar