som student, og kanskje særleg som masterstudent, har eg hatt ganske dårlig samvit kvar gong eg har tatt opp ei bok som ikkje er pensum. eg har kome i gong med så mange bøker at eg kan ikkje telle dei på dei to hendene eg har, og det har resultert i at eg ikkje har fått lese så mykje i det heile tatt. det stoppa liksom opp. eg følte meg mest berre kjip som ikkje prioriterte å lese pensum. no har eg endeleg klart å slutte å få dårleg samvit for å lese gode bøker som ikkje står på noko liste, og berre i september har eg lese fem bøker. det er ikkje kjempemange, men det er slett ikkje dårleg. eg har slutta å ha datamaskina på heile kvelden, og nyttar heller tida til å lese bok. les bok mens eg et frokost og nokon gongar på bussen. det er lurt å bruke sånne smutthull ein eigentleg nyttar til å berre sjå ut i lufta til å heller lese, tenker eg. tenkte eg skulle skrive litt om kvar bok, for eg vil gjerne anbefale kvar av dei!
caroline kaspara pelonen - xeroxdager.
det her er ei ganske lita bok på berre 150 sider, og ein kan fint lese ho på ein kveld. boka handlar om ei jente som bur med kjærasten sin, som sluttar i jobben sin for heller å bli student. når han blir student, oppdagar han nye ting, som økologisk mat og spenande folk, mens ho sjølv berre gjer dei same tingane ho alltid har gjort. handlar om å ønske at ein var litt meir spenande og hadde pannelugg og om å blande skogsbærjogurt inn i kjærasten sin jogurt naturell. ei veldig fin bok med nydeleg språk, fekk lyst til å skrive ei kortprosasamling da eg las ho.
jeffrey eugenides - the virgin suicides.det her er altså boka bak filmen, og boka er minst like fin som filmen, det kan eg love. eg las ho på engelsk mens eg var på ferie, og sjølv om eg hadde sett filmen og visste korleis det kom til å gå, la ikkje det nokon dempar på lesinga. boka tar utgongspunkt i det kollektive sjølvmordet til søstrene lisbon, og blir fortalt av ein gjeng gutar som, fleire år seinare, prøver å forklare og forstå kva som eigentleg skjedde og korfor. eit alvorleg tema, men behandla på ein vár og til tider humoristisk måte. absolutt å anbefale, spesielt på originalspråket, som eg las ho på.
raymond carver - shortcuts.
dette er ei samling noveller som blei nytta til å utvikle manuset til filmen med same namn (det er altså ikkje ei novellesamling han skreiv i eitt, men ein potpurri frå ulike samlingar). eg har alltid vore veldig glad i novellesjangeren, og for meg er carver mesteren i så måte. han skriv om heilt daglegdagse situasjonar kor ulykka plutseleg er ute. passar bra til å lese på bussen.
johan ajvide lindqvist - lille stjerne.
i vinter las eg la den rette komme inn av same forfatter, og simpelthen elska den. lille stjerne er mildt sagt ei spesiell bok. den handlar om to jenter, theres og teresa, som er spesielle på kvar sin måte. theres blir funnen i skogen som baby og er eit veldig merkeleg barn som ikkje uttrykker nokre formar for kjensler, men ho har ei nydeleg songstemme. teresa er den rare jenta i klassen, og er mest for seg sjølv. dei finn kvarandre gjennom internett, og sett igong eit helsikkes styr, for å seie det mildt. ei tidvis grotesk bok med nokre heftige voldsskildringar, men ellers veldig, veldig fin. den type bok som gjer at du har lese 50 sider utan å merke det. anbefalar ikkje å lese ho til frokosten.
halvor folgerø og finn tokvam - ler dei no, så har eg vunne. eit møte med ragnar hovland.
som tittelen antydar, er dette ei bok om forfattaren ragnar hovland. forfattarane, som er store hovland-fans, møter ragnar hovland i berlin og intervjuar han om ei rekke ulike ting, som til dømes oppvekst, å skrive om sex og om skriving. ei festlig bok, litt utanom det vanlege. passar nok best å lese om du har lese ein del hovland-bøker først og kjenner til formen hans. og det burde jo alle gjere. artigare mann finst knapt.
Så fint! Kjenner meg såå igjen i det du sier med dårlig samvittighet for å ikke lese pensum. Men jeg er ikke like flink til å lese andre bøker som jeg burde. Noen ganger føles det som et ork! Og jeg kunne så gjerne ønske jeg var en lesehest! :) Sukk! Du er flink!
SvarSlettWow. Det partiet fra Ajvide Lindquist sin bok. Får lyst til å lese den da med en gang!
SvarSlett